Bergheim.dk Rotating Header Image

Posts Tagged ‘sign’

Skilt og plakatar i UAE

Adgang forbudt for andre enn bønder og turistar. Eit kjekt skilt å sjå for ein bondeson som er turist. Vanlegvis er det omvendt…

Denne stranda er berre for familiar. Eigentleg ingen dum idé, men for Tor Gunnar, Mike og meg betydde det at vi ikkje fekk overnatte på det lokale hotellet.

Khat Politistasjon. Ein tornefull og vanskeleg veg til ein ironisk namngjeven politistasjon.

Kjøp ein eigedom i Dubai og få ein Bentley eller BMW med på kjøpet. Du er også med i trekninga av eitt privatfly og ei privat øy. Pondus over premiane frå arabiske eigedomsmeklarar…

Too late for safe sex

Too late for safe sex now!

Poor quality photo taken at a Brighton mall in the pre-digital camera era. On the right: Worn-out father contemplating poster at pharmacy wall while heir is screaming her lungs out. — On the left: couple more likely to be practicing safe sex.

Narkotransport

Narkotransport

Nokre gongar kan det ikkje vere så vanskeleg å arbeide i tollvesenet!

Smør på flesk eller mindreverdskompleks?

Eikaasgalleriet på Ålhus i Jølster

Opp gjennom åra har eg registrert at skilting er noko som kan medføre mykje harme og som kan legge grunnlaget for godt og langt fiendskap grunneigarar og vegmyndigheiter imellom.

I Ålhus i Jølster kan ingen skulde Statens Vegvesen for å ha vore for restriktive med omsyn til skilting. Rett framfor ein heil vegg dekt med namnet “Eikaasgalleriet ” står det eit skilt med same påskrift og ei hjelpsam – om enn overflødig – pil som peikar mot galleriet.

Det er altså ikkje skiltinga som gjer til at Eikaasgalleriet slit med besøkstala. Kva kan det då vere?

Marginale attraksjonar

IMG 1999Dess lenger ut i periferien ein kjem dess meir marginale er attraksjonane som vert marknadsførte. På vegen mellom Førde og Stongfjorden i Sunnfjord, finn ein mellom anna dette skiltet som skryter av at det finst daglegvarer å få kjøpt innan ein avstand på 1 km.