Bergheim.dk Rotating Header Image

Posts Tagged ‘Gloppen’

Eit pølseskinn til besvær

Skog i vinterver

No skal ein naturlegvis ikkje tru på media, statistikk og politiske festtalar, men om ein hadde gjort det, kunne ein lett ha fått inntrykk av at det norske helsevesenet er mellom dei fremste helsevesena i verda.

Om så hadde vore, er det til å undre seg over at barnevernet aldri avla ein visitt heime hjå oss, etter at eg i tolv-trettenårs alderen ved fleire høve synte meg på offentleg stad ikledd ein ettersitjande Norheim skidress.

Ikkje det; eg hadde ein utmerkt oppvekst, men det må det ha vore vanskeleg å sjå for dei som stod ikring meg, like før startskotet gjekk under skikarusellen på Vereide i 1984. Når eg stod i ro såg eg berre svært underleg ut men når eg byrja å røre på meg må det ha vore vanskeleg å halde seg frå å le, for dei som såg på.

Eg er ein ivrig tilhengar av individuell fridom og retten til sjølvbestemt bunad, men når det er sagt finst det nokre ting som ganske enkelt ikkje er meint å vere. Herimellom kombinasjonen av meg sjølv og ettersitjande skidressar, som ikkje vert det slag betre av å vere marineblå og signalraude.

Eg kan ikkje minnast kva som var opptakta til den kortlevde skikarriera mi, men når eg ser attende er det vanskeleg å skjøna at eg sjølv kan ha vore drivkrafta. Meir sannsynleg var det utrykk for eitt ynskje hjå foreldra mine om at den gjøkalvaktige yngstesonen deira skulle fatte interesse for fysisk fostring og konkurranse – slik syskenborna på Breim i si tid hadde gjort.

Ein skodde- og snøtung dag på Utvikfjellet gjekk startskotet for mitt fjerde eller femte skirenn. Det fanst ikkje noko statistisk underlag som kunne forklare kvifor eg framleis stilte opp. Eg hadde gjort det meir enn allminneleg dårleg i alle føregåande renn, og i den grad det hadde vore noko utvikling var den negativ. Plasseringa var imidlertid den same; er du sist så er du sist.

I den dårlege sikta forsvann dei andre deltakarane ut av syne fortare enn vanleg, og i løpet av kort tid var eg og den bugnande skidressen min heilt åleine i sporet. Eg hadde vant meg til å gå åleine, eg hadde også vant meg til at saftstasjonane gjerne var demonerte når eg kom, men til denne tid hadde eg hadde i alle fall kome til dei før eller sidan. Denne dagen virka det ikkje som om det var slike fasilitetar langs løypa. Etter omlag ein time byrja eg imidlertid å skjøna at skirennet og eg hadde skild lag ein eller annan stad i skodda.

Lut kroppshaldning hjelper ikkje på utsjånaden når ein går i ettersitjande skidress. Det var likevel ein slukøyrd og duknakka Runar som etter urimeleg lang staka seg inn i målområdet, eller rettare sagt det som hadde vore målområdet; alt var no demontert og folk hadde gått heim.

Eg brukte ikkje skidressen meir; ikkje gjekk eg fleire renn heller. Eg fylte i staden skidressen med skumgummi og skaut på den med luftgevær.

Det var det kjekkaste vi hadde det i lag – skidressen min og eg.

Haust på Granekupa

Fagredalsreset

Det er ikkje eit skikkeleg år om eg ikkje har vore inn på Fagredalsreset og sett utover Fagredalen, Blådalen og Måsedalen.

Då frende Ove var på (relativt) sørlege breddegrader for nokre dagar, nytta vi høvet til å ta ein tur på Granekupa for å fiske – og meditere over nok eit år utan at vi hadde fått nytta nok tid inne i fjellheimen. Etter 25 timar og åtte fisk vende vi nasen attende til sivilisasjonen. Oppbyggjeleg men for kort.

Klikk her for 14 bilete frå Stoa, Granekupa og Fagredalsreset i flotte haustfargar i galleriet!

På sauepatrulje i Fitjefjella (bilete)

Anders ved tjørna mellom Granekupvatna

Var med frende Anders på “sauepatrulje” i Fitjefjella i tjukk skodde no på Søndag. Hadde med fiskestang og fotoapparat, resultat: 0 fisk og 50+ bilete. Rusa på fiskelukka i Måsedalen to dagar før let eg likevel ikkje dette gå inn på meg. Sjå album her.

På fisketur i Måsedalen

Ove går på vatnet

Eg og frende Ove Drageset avla vår årlege vitjing i Måsedalen denne helga og ein biletserie frå turen er lagt ut i galleriet. Vepna med både fiskekort og lovleg leigd båt fiska vi for fyrste gong med (skikkeleg) reint samvit i Måsedalen. Det kjendest underleg – men gav godt resultat: 70 fiskar på tre og ein halv time.

Ovanfor: Ove går på Måsedalsvatnet etter ei nærast religiøs fiskeøkt