Bergheim.dk Rotating Header Image

Posts Tagged ‘Fitje’

Draumen om Bukta Trim & Sykkelklubb

Som “ung mann” på Kleiva var ikkje organisasjonslivet eit spesielt mangfaldig landskap å navigere i.

Den fyrste sosiale rita ein kunne verte initiert i som ung i Mardal Krins på byrjinga av ‘80-talet var barneforeininga. Dette var eitt langtrakt intermezzo frå barneforeiningsbasar til barneforeiningsbasar der dei unge under tilsyn frå fromme samaritanar kunne malpraktisere disiplinar som tresløyd, hekling, strikking, korgfletting og liknande adrenalinmoro.

Under den årlege basaren kunne eg tydeleg sjå at godt vaksne folk vart skuffa når dei vann ting eg hadde laga – og at sjølv foreldrene mine såg skamfullt i golvet når vi før utloddinga paraderte forbi min årsproduksjon på gevinstbordet.

Hovudpremien var det stort sett ein eller annan overytar inne på Mardal som hadde laga.

Det fanst for dei litt eldre 4H som var ein stad der landbruksungdom kunne kultivere sunne interesser utan at desse utvikla seg i feil retning (eller utvikla seg i noko retning) ettersom dei til ei kvar tid var under strengt oppsyn frå gamletestamentlege men ikkje-religiøse vaksne leiarar.

Det kom få uynskte graviditetar frå 4H miljøet i Bukta. Få ynskte også.

I likskap med frimurarlosjane var 4H ei foreining ein melde seg inn i – men ikkje melde seg ut av. Då eg i ein alder av 13 oppdaga at det var ein timeplanleggingskonflikt mellom framsyninga av Ghostbusters i Vonheim Kino og øving til haustfesten i Bukta 4H, leia eg an i ein Septemberrevolusjon som utløyste tre fråfall frå ordenen: Halvarden, Andersen og meg sjølv.

Kjellrun i Kvia og mor Asgjerd var nok glade til. Året før hadde dei for å berge æra til sønene måtta skrive 4H oppgåver om “Katten min” – medan Anders og eg nytta dei “klåre hovuda” våre til å leike i rommet ved sidan av.

Anne Huus var truleg også letta: Halvard hadde under mottoet “flinke hender” same året skamklippt kokeboka hennar på jakt etter gode illustrasjonar til si avhandling om “Mat med Mjølk” – han hadde jamvel sykla inn på Søreide for å gå på epleslang i samband med ei kake han skulle bake.

For spreke Buktarar fanst det også ulike idrettsalternativ som fremja fysisk helse som den eine vegen til framgong og lukke. Det ortodokse trussamfunnet Sandane Turn- og Idrettslag (STIL) la si klamme hand på mang eit ungt sinn i denne tida.

Av årsaker som til denne dag står for meg som uklare stillte eg ved fleire høve opp på ein aktivitet som vart kalla “guteturn”. Medan eg utvilsamt kunne legge beslag på tittelen “gut” var “turn” noko verken eg sjølv eller andre utan vidare assosierte med meg.

Turnkarieren min kulminerte under ei framsyning i Firdahallen der dei skamlause idrettsleiarane hadde fått oss til å itre kvite, ettersitjande klede medan vi marsjerte kringom i hallen og stupte kråke til skam for oss sjølve – og til stor underhaldning for alle som såg på.

Under eitt halvt gjennomført kråkestup fekk eg uventa kjenning med tyngdekrafta og slo – eller snarare rulla – over på sida. Dette var i det privateigde videokameraet sin barndom og det var få – men beklagelegvis somme – som kunne dokumentere denne hendinga for ettertida.

Medan foreldreskapet fram til då hadde oppmuntra til deltaking vart temaet aldri meir nemnt. Eg drog aldri meir på guteturn. Dei hadde ikkje noko å leggje til.

Så kom Bukta Trim & Sykkelklubb. Dette var ein klubb som braut med dei tradisjonelle grensene i det lokale organisasjonelivet. Sykkelklubben lånte ord som “trim” og “sykkel” frå lag som sysla med fysiske aktivitetar og ord som “klubb” frå 4H. Innhaldet, som på ingen måte var relatert til namnet, vart henta frå heilt andre kjelder.

Eg var aldri medlem av Sykkelklubben. Kvar gong eg var ute og sykla velta eg. Det gjorde somme i Sykkelklubben også; her kom skadane alltid på heimreisa etter uheldige tilsetjingsstoff i kaffien. Eg på mi side velta alltid i edru tilstand og like ofte på utreise som på heimreise.

Medan S.T.I.L. hadde signalblå treningsdrakter (i nesten min storleik) og 4H kunne skilte med senterpartifarga t-skjorter hadde Sykkelklubben ei marineblå skuggehue. På fronten var det eitt broderi som synte bumerket til klubben – det var i det heile ei overmåte tiltalande hue tykte eg.

Far Rasmus sat i “sykkelstyret” og var varelagerforvaltar for ikkje-utdelte skuggehuer som han hadde tjuverisikra på øvste hylla i skåpa på vaskerommet heime på Kleiva.

Lovnadene om at yngstesonen skulle verte den stolte eigar av ei Sykkelklubbhue sat imidlertid lausare enn evna og kanskje spesielt viljen til å innfri.

Tolmodet mitt, som frå før av ikkje var kjent for å vere særskild godt, vart snart tynnslite.

Ein kveld bestemte eg meg for at nok var nok. Eg tok lovnaden i eigne hender, utstyrte meg med ein klappstol og la i veg i retning vaskerommet. Her opna eg skåpdøra, sette opp klappstolen, steig opp og strakte meg etter plastposen som romma dei lova skuggehuene.

Stolen var ikkje høg nok og sjølv om eg stod på tå og strakte meg det beste eg vann – var det ikkje nok til å nå huene. I eitt siste desperat forsøk tok eitt godt tak i skåpdøra og lyfte meg dei siste naudsynte centimetrane opp mot øvste hylla.

IKEA er ei suksessrik verksemd som har selt mykje billege møblar av tilsynelatande høg kvalitet. Dette har imidlertid primært skjedd i åra etter den hendinga som vert skildra her.

I denne stunda fann det stad eitt uheldig møte mellom kvalitetsmåla til eks-Nazisten Ingvar Kamprad, vekta til eks-turnaren, eks-4H-aren, eks-barneforeiningsdeltakaren Runar – og den før nemnde tyngdekrafta.

I det høgrehanda mi nådde tak i plastposen løsna IKEA hengslane frå IKEA skåpdøra samstundes som IKEA klappstolen gjorde det IKEA klappstolar gjer best – klappa saman.

Livet mitt passerte ikkje akkurat revy på den beskjedne vegen mot vaskeromsgolvet – landinga markerte likevel eitt viktig vendepunkt i tilhøvet mitt til den venstre vesletåa mi som til då hadde vore min faste følgjesvein gjennom livet.

Lite brukt men alltid tilstades.

Som ein ivrig konsument av teikneseriar visste eg at det einaste som hjelper mot akutte fotsmerter er å halde den skadde foten mellom hendene medan ein hinkar kringom og utstøyter høge lydar. I sjokket hadde eg imidlertid ikkje heilt klart for meg kva for ein fot som gjorde vondt så for å kome igong treiv eg likesågodt den høgre og gav meg til å hinke og hoie.

Etter å ha drive med dette ei tid kom mor Asgjerd ut i gangen for å sjå kven som uinvitert dreiv og slakta grisar der. Her fann ho yngstesonen hinkande, beljande og med eitt kjølvatn av jamt fordelte blodflekkar etter seg der han hadde vore.

Mor Asgjerd, som gode mødre flest, vart fælen over å sjå avkomet i ein slik tilstand. Etter fyrst å ha overtydd meg om at hinkinga og skrålinga ikkje var instrumentelle i smertelindringsprosessen gjekk ho i gang med å stille diagnose.

Ein viktig del av dette arbeidet var å få av meg sokkane for å ta ulukkestaden nærare i augesyn. Det var under avdukinga av høgrefoten det vart klart for meg at det ikkje var denne men derimot grannen som var skadd. Eg kjende fornya trong for å gjenta hinke- og skrikeritualet. Det vart ikkje.

Eg vart buksert til lækjaren på Sandane som såg til skaden. Han plukka dei skamfarne beinsplintane ut or tåa og byrja å sy den saman att. Omlag halvferdig rette han seg opp såpass at eg såg kva han dreiv med.

Om det hadde vore gale å knuse tåa var det verre å verte sydd. Ikkje det at eg kjende noko – eg var godt bedøvd – men minna frå barneforeininga strøymde på. Eg visste kva det var å sy. Det var ikkje noko ein skulle gjere med ei vesletå.

Eg har vore i betre humør andre gonger i livet enn eg var denne kvelden når eg vart transportert heimatt på Kleiva etter at lækjaren hadde sagt seg nøgd med saumen sin og tåa mi.

Det var ei lita trøyst – men likevel ei trøyst – at eg denne kvelden kunne gå til kvile med ei flunkande ny Bukta Trim og Sykkelklubb-skuggehue liggjande på nattbordet attmed meg.

***

Ajman (UAE) 6. Februar 2010

Den brente jords problematikk

FyrstikkerEin fin ettermiddag då vi var i 10-11-årsalderen fann granne Håvard Nordvik og eg ut at vi skulle freiste å sanke mat slik forfedrane våre hadde gjort før oss – lenge før oss; vi skulle skyte – og deretter steike ein av desse ståkete måsane som det var så mange i det som seinare skulle kome til å bli Bukta Fuglefredingsområde! Vepna med nyspikka sprettertar budde vi oss til til strid – og sykla ned til Huusasaga på Granden.

Av årsaker som vart tydelege for oss denne dagen har spretterten sin plass i nyare norsk jakthistorie ikkje vore spesielt stor. Dei viktigaste problema med spretterten som jaktvåpen var at skytset sjeldan nådde fram til fuglen, og dei gongane skytset nådde fram, resulterte det ikkje i anna enn at fjørne til fuglen kom litt i ugreie.

Det virka ikkje som måsen i Fitjefjæra tok Håvarden og meg alvorleg som jegarar, men etterkvart må dei ha opplevd oss som irriterande; i alle fall drog dei sin kos etter ein time eller så med intensiv men resultatlaus jakt.

Håvarden var – og er framleis – ein mann av handling. Han kunne difor ikkje stå og sjå på at planen vår fall i grus. Etter eitt kort rådslag vart det fastsett at vi skulle lage bål fyrst og skyte “middag” etterpå; på den måten ville vi i alle fall ha bålet.

Det var ein overmåte tørr dag og det var lenge sidan det hadde regna – såleis var det ikkje vanskeleg å finne eigna bålmateriale. Bål var enkelt; bål var noko vi kunne – og om jakta hadde gått dårleg fungerte bålet over all forventning. I løpet av nokre få minutt hadde vi eit velvakse bål mellom oss, og berre minutt etter det igjen; ein grasbrann som var fulstendig ute av kontroll.

Den einaste reiskapen vi hadde for å avbøte situasjonen var ei tom colaflaske. Vi mistenkte at dette kanskje ikkje ville vere nok, noko som vart stadfesta i det to hektar tørt bringebærris tok fyr med ein sprakande lyd.

No når det var klart at vi ikkje kunne gjere noko for å avbøte situasjonen vart den neste oppgåva å finne nokon som kunne ta skulda for udåden. Så vidt oss vitande var det ingen som hadde sett oss, såleis hadde vi eitt breitt utval av moglegheiter når vi skulle koke ihop ei truverdig historie.

Vi hadde høyrt mykje om plagene som følgjer med det å vere røykjar og tenkte at ei plage frå eller til knapt kunne gjere nokon skilnad. Såleis bestemte vi oss for at vi hadde sett nokre røykjarar nede ved Løken – vi hadde jamvel sett at dei kasta frå seg sneipar. I ettertida sitt skarpe ljos kan ein kanskje seie at dette var ein litt vel lageleg observasjon – men der og då verka den rimeleg og naudsynt for å underbyggje vår eiga uskuld.

Flammane hadde no teke retning for feriehuset på Granden og vi byrja å ane at dette slett ikkje trengde bli så bra. Vi sykla det beste vi vann opp i Huusatunet, der vi ringde frenetisk på døra utan at nokon kom ut. Ironisk nok var Hermoden framme i Fitjedalen og brende bråte denne dagen.

Samvitet var betre no som vi hadde freista å melde ifrå om røykjarane. Vi hadde trass alt gjort vårt. Likevel gnog det oss litt at dette huset nede på Granden kunne kome til å gå opp i røyk. Vi hasta difor opp i Gunnja der vi fortalde Inger, mor til Håvard, om røykjarane vi hadde sett og kva som var i ferd med å skje nede ved Løkabrua. For å vere trygge på ikkje å kome i eit uheldig lys gav vi kanskje ikkje eit heilt fullstendig bilete av situasjonen. Når Inger spurde om det var Hermoden som dreiv kontrollert avsviing av marka svara vi at vi ikkje trudde det – men at vi naturlegvis ikkje kunne utelukke noko.

Inger var tydeleg stolt av den ærlege sonen sin og kameraten hans som gjorde seg slik umake for å hjelpe grannen sin. Såleis diska ho opp med eple og brus som vi inntok sitjande på haugen innom Gunnjastova. På dette tidspunktet hadde vi mest overtydd kvarandre om at vi sjølve ikkje hadde noko rolle i brannen, og at dette fullt og heilt skuldast dei aktlause røykjarane og dei helselause sneipane deira.

Vendepunktet kom litt seinare på kvelden då far til Håvard, Rune, kom heim frå kontoret. Han hadde sykla denne dagen, og der han ved avreise hadde sett to velkjende karar i arbeid med å sanke saman tørrved, var no heile den tilliggande innmarka avsvidd. Ingen hus hadde imidlertid gått med.

I nærmøte med eit autoritært augevitne vart det vanskelegare for Håvarden å underbyggje historia om røykjarane. Etter ei tid gav han etter for presset og tilstod alt. Eg var på dette tidspunktet reist heimatt, men på grunn av vidunderet med moderne telekommunikasjon vart eg allereie same kvelden innhenta av sanninga.

- Eg er skuffa over deg, sa mor Asgjerd, med eit fordømmande tonefall i røysta.

- Øøøøh…, sa eg unnskyldande.

- Du har loge for meg, sa mor Asgjerd, med gråt i halsen.

- Øøøøh-øh…, sa eg angrande.

- Du – du – du, sa mor Asgjerd, men kunne ikkje kome på noko meir å seie.

- Øøøøh-øh-øh, sa eg samtykkjande, og så gjekk ho sin veg.

Pendelen hadde svinga; på kjøkkengolvet, der den gode grannen som hadde meldt ifrå om dei aktlause røykjarande hadde stege berre minuttar tidlegare, stod det no ein molefonken brannstiftar.

Då fanden heldt fest i Fitjefjella

Livet så langt har vore prega av ein serie underlege val. Til dømes valde eg i ein sein fase i oppveksten å byrje å spele toradar, og å vere open om dette, lenge etter at eg var gamal nok til å ha skjøna konsekvensane av det. No, etter 21 år i relativ sosial isolasjon, er det lett å sjå at dette var eit misstak.

Sjølv toradarspelemenn kan heldigvis sparke nedover; på den absolutte botnen av den menneskelege rangsstigen, sett med populærmusikalske auge, fann vi nemleg på 1990-talet felespelemannen – og under han igjen hardingfelespelemannen. Til all lukke hadde eg fleire slike ikring meg; både bror min Kjetil og Anders i Kvia levde i ope samliv med dette djevelens eige instrument, tilsynelatande utan skam og blygsel. Såleis var det kanskje ikkje rart at eg ikkje lukkast sjå omfanget av mine eigne musikalske livsstilsval.

I den tida folkemusikkentusiasmen framleis brusa friskt i blodet, hende det frå tid til tid at Anders og eg spelte saman, eller rettare sagt spelte samtidig. Dette skjedde som regel anten på Kvia eller på Kleiva, då den samtidige etterspurnaden etter fele- og toradarmusikk ikkje var i stand til å halde tritt med tilbodet.

Ein gong hadde vi fått føre oss at vi skulle dra med oss instrumenta våre inn på Langedalen; utan tvil inspirerte av bror min og Håvard Nordvik som talrike gongar kunne treffast med ei kaotisk oppakning beståande av potetgullposar, brusflasker, plastvesker og fele- og trompetkassar, på veg over Ytre Skardet. Dette måtte vi óg prøve, tykte vi.

Vel inne på støylen vart det tydelegare enn nokon gong at samspelet vårt leid under det faktum at det berre var tre slåttar vi kunne i lag. Instrumenta vart såleis etterkvart lagde tilsides til fordel for eitt av dei sedvanlege etegilda våre.

Det var ein fin, mild haustkveld med lette skyer på ein elles klår himmel – og etterkvart dukka månen opp innom Svarte Kari. Gripne av stunda slo det ned ein idé i oss båe! Kva om vi tok med oss dei to instrumenta og tre slåttane våre inn i Buskredene – og spela så det ljoma gjennom heile dalen i den måneljose kvelden? Det ville ha vore stemning det!

Omlag ein time seinare, klokka 1:00 på natta, vart dalen fylt av lyden av fele- og toradarmusikk. Ekkoet slo fram og attende mellom dei bratte fjellsidene og det var i det heile ein voldsom og mektig lyd.

Inne på Nysætra snudde Erling Bråstad seg i senga. Han drøymde om då Alfred Dale, Steinar Sande og han sjølv framstilte høvesvis Sankt Peter, ein nyleg avdaud Steinar Sande og Fanden sjølv i ein sketsj på “Gutane sin kveld”, berre at i draumen var det han sjølv, Bråstaden, som var daud – og det var ikkje ein sketsj.

Det hadde likevel vore ein god draum så langt. Alt såg ut til at han kom til å tilbringe etterlivet hjå Sankt Peter i himmelen. Bak Perleporten kunne han høyre lyden av søt harpemusikk og i det fjerne kunne han skimte dei vakraste englar. Det var i denne stunda at draumen tok ei lei vending; Perleporten klappa igjen, harpemusikken vart borte, Sankt Peter likeeins og i det fjerne kunne han tydeleg høyre Lucifer sitt eige gammaldansorkester stemme i med “Nordfjordvalsen”, gong på gong. Den neste timen, før levenet endeleg gav seg, sov Bråstaden dårleg .

Spesielt merksame lesarar kan hugse at eg for litt sidan skreiv noko om skydekket. Det var lett. Nøkkelordet i den føregåande setninga er “var”. For medan vi, blinde for verda ikring oss, stod oppe i Buskredene og utstøytte “Det var på Capri jeg så henne komme”, skya det til ganske så betydeleg. Med eitt var det stummande mørkt ikring oss og vi hadde eitt problem. Når sant skal seiast hadde vi fleire problem. Vi var omlag ein kilometer frå støylshusa utan ljos av noko slag. Det var bratt, ulendt og vi hadde med oss instrument som det ville vere vanskeleg å forklare kvifor dei var øydelagde når vi kom heimatt.

To timar og adskillege blåmerke seinare kunne vi konstantere at vi for fyrste og siste gong hadde hatt med oss fele og toradar i Buskredene. Det er godt for alt som er gjort.

Klokka halv-ti neste morgon kunne ein sjå båten til Erling Bråstad fosse ut vatnet med eigaren ved årane. Han var trøytt og sliten etter ei uroleg natt men rodde som han aldri hadde rodd før. I bakhovudet hans gjekk det ein melodi; det var ei spesielt skjærande fortolking av “Det er Norge som er bra…” framført på fele og toradar.

Det hasta no, han måtte kome seg heim, han måtte kome seg til kyrkjes.

NB! Alt det som står i kursiv er fri fantasi – men var naudsynt for å gjere forteljinga interessant nok til at andre vil lese den!

Veslejulaftan, 5. januar 2008

Frå venstre: Are Frode, Eirik, Runar, Kåre, Kjetil og Anders

Gjengen samla utanfor Bar & Cigar i Oslo, 5. januar 2008. Frå venstre: Are Frode, Eirik, meg sjølv, Kåre, Kjetil og Anders.

Anders, Are Frode, Eirik, Kjetil, Kåre og eg sjølv, byrja i 1988 å samlast på Veslejulaftan for å røyke sigarar, utveksle gåver og elles oppsummere året vi hadde vore gjennom. Samlinga oppstod som ein reaksjon på at Anders eitt år var så oppteken med å bruke opp dei tredve sølvpengane sine at han let ein fotegåande, Kjetil, stå att i snøslapset i vegkanten på Ytre Fitje, medan han sjølv køyrde forbi i bil, på veg til Sandane. Kjetil var då på veg heim frå Bjørkestad etter å ha overrakt Anders julegåva si.

Samlingane fann frå starten av stad hjå Anders på Bjørkestad. I fyrstninga var mor til Anders, Kjellrun, kokke og vertinne. Seinare, når Anders si matlagingslyst – og evne – kom i bløming (i den rekkefølgja og med berre eitt års mellomrom), tok Anders over denne oppgåva sjølv.

Ettersom tida gjekk, vart laget flytt frå Bjørkestad til det gamle gardshuset på Kvia, der det vart arrangert kvart år fram til 2006, då Anders måtte sone jul hjå svigerfamilien sin austanfor, og såleis ikkje kunne vere tilstades. Samlinga vart det året avvikla på Arnestad, i huset til fader Rasmus. Maten fall i kvalitet men auka i volum – og trass den openbare mangelen på Anders, vart også den samlinga vellukka.

Med åra har vi alle fått meir ansvar og fleire oppgåver, såleis vert det stadig vanskelegare å samlast på sjølve Veslejulaftan. Anders og Kåre har båe gifta seg og vil måtte pårekne alvorlege sanksjonar om dei uteblir frå heimen på Veslejulaftan. Kjetil er så godt som gift, og Eirik er småbarnsfar i dei djupe svenske skogane. Are Frode på si side, hevdar å vere ein fri agent, men driv omfattande pollineringsarbeid i musikk-Noreg.

Det var klart for oss at 2007 kom til å bli eit skjebneår for tradisjonen, og vår siste bastion innan initiativtaking, Kjetil, hadde nær gjeve opp heile greia då vi kom til slutten av november.

Anders, Kjetil og eg sjølv rådslo, og kom til at noko alvorleg måtte gjerast. Også ved tidlegare høve hadde vi måtta ty til radikale grep, som å flytte Veslejulaftan frå 23. desember til andre datoar, for å tilpasse oss motstridande kalendrar og interesser.

Andre nemneverdige avvik har inkludert gjesteopptrednar av representantar frå to andre land – og tre andre kulturar: fyrst ute var Michael, studiekameraten til Are Frode frå Sør-Afrika, dernest kom Hege frå Bærum som var medvertinne på Kvia i 2005 – og same år Aline frå Brasil, som imponerte den faste besetninga med å drikke si eiga vekt i kvitvin – for deretter å tilkjennegje alle teikn på ei som nett hadde drukke si eiga vekt i kvitvin.

Det 19. arrangementet i rekka vart avvikla i Oslo, 5. januar 2008. Aperitifar vart inntekne i baren Summit 21 på SAS-hotellet og sjølve middagen på restauranten “Hos Thea”. Påfølgjande sigarrøyking fann stad på utestaden Bar & Cigar. Med unnatak av eit dårleg marknadstilpassa kulturinnslag, som involverte ein hordalending som gjorde seg skuldig i aktlaust dikt til den umiskjennelege lyden av hardingfeleøving, var kvelden suveren.

Fiskarane i Stilleelva

Det var eit relativt lite problem vi hadde, Håvarden og eg, samanlikna med problemet Jesus og læresveinane hans var plaga med i Markusevangeliet, 6. kapittel, vers 31-44. Der måtte dei mette 5 000 menneske med fem brødleivar og tre små fiskar.

Vi var berre to, og ein av oss hadde vel knappast rukke å bli svolten mellom to måltid så langt i livet. No stod vi altså med vatn til midt oppå magen i elva innom Labakken og freista det beste vi vann å berge levande småaure ut or eitt garn.

Etter å ha stengt av heile Stilleelva med fiskegarn, hadde vi jaga aure både oppstraums og nedstraums. Mesteparten av den symjeføre aurebestanden i elva, kjempa no ein kamp for livet i det finmaska nettet.

Det var ikkje fiskane vi var vyrke for. Det var ikkje difor vi freista å få dei ut or garnet. Det var sjølve garnet vi ville berge. Det hadde vi nemleg stole i skytja hjå bestefar Anders P. Fitje som var på Sandane eit bel – og som var ventande heim kva tid som helst.

Det vi ikkje hadde rekna med, var at vi skulle få så mykje fisk, at garnet revna når vi freista å lyfte det ut or elva. Sjansane for at dette ikkje skulle bli oppdaga av garneigaren var forsvinnande små og vi ante konturane av generøs adjektivbruk og trugsmål om vald frå den kanten om så skulle skje.

Våre 5 000 små fiskar var knapt nok til å mette tre menneske – så det talde knappast som noko mirakel. Vårt under kom i form av at vi lukkast få garnet attende i skytja – før bestefar vende heim frå Sandane.

Fisken selde vi til grandtante Anna – og skulda for å ha øydelagt garna let vi forbli eit mysterium. Det var best slik, tykte vi.