What exactly is on the other side of the earth? Follow the link below to find out!
Posts Tagged ‘facts’
Fakta om bryllaup
Medan eg for nokre dagar sidan fortvila leita kringom på verdsveven i håp om å finne gode forslag til korleis ein toastmaster skulle te seg fann eg ei utømeleg kjelde til fordummande vitsar og grundig utbrukte idear.
Som kjent kan fantasien kan sjeldan eller aldri konkurrere med røyndomen så eg byrja å leite i historiske kjelder for å finne ut litt om bryllaupstradisjonar og -skikkar som var vanlege før.
I møtebokregisteret for formannskapa i Sogn og Fjordane hjå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane fann eg mellom anna at sjølvaste gullalderen for lystige bryllaup må ha vore tett før 1840:
- I Sogndal vart det i 1839 freista oppretta ei “forening til innskrenking av overdådige bryllaup” men dei fekk ikkje stor nok oppsluttnad
- I Gloppen vart det i 1838 og 1839 handsama tre saker om skyting, uskikk og brennevinsdrikking ved kyrkja i samband med bryllaup
Eg fann også at dette med å gifte seg tydelegvis dreiar seg om meir enn berre kjærleik to menneske imellom. Det er eit relativt komplisert lovverk som regulerar det heile der berre 5 paragrafar omhandlar sjølve ekteskapsinngåinga medan dei øvrige 94 omhandlar rettar partane imellom med vekt på kva tida etter eksteskapsoppløysinga.
- Dei 10 boda som dekkjer framferd innan alle samfunnsområde er på 77 ord
- Grunnlova av 1814 som enno har sin eigen fridag er på 7 560 ord
- Lov om ekteskap av 1993 er på heile 12 133 ord og regulerar – så langt eg kan sjå – alt så nær som sjølve kjærleiken
Gloppen Musikkfest 2007
Min gamle frende og svirebror Are Frode Søholt tok for fire fem år sidan initativet til ein festival for kammermusikk i heimbygda vår Gloppen. Dette var ikkje nokon enkel idé å kome på – sjølv om det er betydeleg lettare å tenkje den enn det må ha vore å realisere den.
Are Frode har altså lukkast med begge deler og kan i år by på ei veke med meisterkurs, åtte konsertar og – av årsaker eg har vanskeleg for å forstå – ein fotballkamp der musikarar frå festivalen spelar mot det lokale “elitelaget” STIL.
(Eg har vanskar med å sjå at nokon av partane kan vere tente med dette; anten vert musikarane slakta som sist – eller dei vinn – og det lokale fotballaget må legge ned aktiviteten og finne andre ting å fylle liva sine med.)
Festivalen kan skilte med eit utmerkt program og eg reiser beinvegen til Gloppen i morgon kveld for å få med meg opningskonserten “Grieg og det Norske Solistkor”. Har også tenkt å få med meg konserten med Kristin Asbjørnsen i Breimskyrkja Laurdag kveld og kanskje nokre til. Dette blir bra!
Link: Gloppen Musikkfest
Pygméar i Zoologisk hage i 1906 og 2007
“Pygméar” er eit ord som vert nytta for å skildre medlemmer av stammar i sentral-Afrika der gjennomsnittshøgda på vaksne er 150 cm eller lågare. Ordet “pygme” stammar frå gresk, “pygmaioi” – eit mytisk stammefolk av dvergar som levde i det området som i dag heiter Ethiopia, i følgjer Homer.
Pygméar er ganske enkelt ei gruppe av menneske med eitt framtredande karaktertrekk, høgda. Å verte kalla pygmé er altså verken meir eller mindre skjemmande enn det er å verte kalla Trønder, Austlending eller Same – og ein god del mindre skjemmande enn å bli kalla Hallingdøl.
I 1906 var det noko meir stigmatiserande å vere pygmé. I alle fall i den “vestlege” verda og særskilt for Ota Benga.
Benga var ein Batwa-pygmé som var så heldig/uheldig å overleve då Force Publique-hæren til ramgalne Kong Leopold II av Belgia slakta ned heile landsbyen hans. Sjølv vart han teken til fange og selt som slave på marknaden.
Ota Benga vart kjøpt av den amerikanske misjonæren (!) og eventyraren Samuel Verner. Verner var i Afrika for å kjøpe pygméar til Verdsutstillinga i St. Louis, som også betalte reise, kostgodtgjersle, kaffi- og bruspengar, telefonutgifter og formodentleg også eventuelle pygméar. Saman med sju andre pygméar vart Benga frakta til USA der Verner turnerte med han i fleire månader – inntil han fekk høve til å busetje seg, eller snarare vart parkert, i Bronx Zoologiske hage.
I zoo fekk Benga vandre “fritt” og hjalp til med å mate dyra. Han nytta mellom anna ein del tid i den delen av zoo som heitte “the Monkey House”, Apehuset. Dette vart han oppmuntra til av staben ved zoo, som føreslo at han kunne plassere hengekøya si hjå apane. Dei fekk han óg til å skyte med pil og boge på ein blink der inne. 8. September 1906 kunne besøkande for fyrste gong sjå han og snart kom eit skilt på plass:
The African Pigmy, “Ota Benga.”
Age, 23 years. Height, 4 feet 11 inches. Weight, 103 pounds.
Brought from the Kasai River, Congo Free State,
South Central Africa, by Dr. Samuel P. Verner.
Exhibited each afternoon during September.
Det var underlege greier dei fann på for 100 år sidan, men enno underlegare er det at nokon i 2007 gjer det same.
* * *
Under den pan-Afrikanske FESPAM-festivalen som vart arrangert i tidsrommet 8.-14. Juli i Brazzaville (i den Demokratiske Republikken Kongo) vart ei gruppe pygmémusikarar innlosjert i zoologisk hage. Arrangørane forklarte at dei berre ville gje pygméane eit losji dei kunne dra kjensel på og trivast i – etter den standarden dei var vane med: i nærleiken av rennande vatn i utkanten av eit skogområde.
Alle dei andre deltakarane på festivalen vart imidlertid innlosjerte på hotell. I samsvar med den standarden DEI var vane med må eg tru.
No kan det godt hende det var rett at pygmémusikarane ville trivast betre i skogen enn dei ville ha gjort på eit hotell. Men det kunne dei få lov til å finne utav sjølve. Det er eit herleg uttrykk arroganse når vi ikkje vil “øydeleggje” folk ved å eksponere dei for vårt eige samfunn. Vi trur det er umogleg for ein pygmé å snu seg, puste letta ut og luffe innatt i skogen etter å ha sett alt det flotte vi har føre oss i “siviliserte” samfunn.
Sjølv eg, som er oppvaksen i ein komfortabel, romsleg og moderne heim i Noreg, har lege på hotell i London som har fått meg til å tenkje grundig gjennom om eit pygmétilvære ikkje ville vere å føretrekkje. – I alle fall ville det vere å føretrekkje å vere pygmé – og ikkje 2 meter lang- om ein skulle bu mykje på hotell i London.
* * *
Ota Benga døydde ikkje i Apehuset. Etter ei tid vart han vanskeleg å ha med å gjere og byrja mellom anna å truge vitjande i zoo med kniv. Dette vart ikkje populært hjå publikum. Presten James H. Gordon hadde også protestert mot måten Benga vart framsynt på. Han såg til at Benga vart flytta til ein heim for farga foreldrelause born som Gordon dreiv sjølv. Seinare vart han flytt vidare til Lynchburg i Virginia.
Benga hadde, som vanen var der han kom frå, fila tenne sine spisse, men no vart han ustryrt med hetter på tennene som skulle gjere han mindre iaugefallande. Han vart også utstyrt med “vestleg” bunad og vart visuelt “sivilisert” på alle vis.
Fyrst freista dei å få han til å gå på skule – det låg ikkje for han – sidan fekk han seg arbeid i tobakksindustrien, men Amerika var ikkje for Benga. Han treivst betre med pil og boge i skogane enn han gjorde med skjorte, bukser og “tannhetter” i byen. Saknet til Afrika var stort men redsla for på nytt å bli seld som slave og kostnaden med sjøreisa gjorde til at Ota Benga aldri kom attende til Afrika. Formodentleg hadde ikkje folka bak Verdsutstillinga i St. Louis same interesse for returbilletten som dei hadde for utreisa.
20. Mars 1916, 32 år gamal – like gamal som eg er idag – laga Benga seg eit bål, pirka av “tannhettene” sine og dansa ein rituell dans før han skaut seg sjølv i hjarta med ein pistol han hadde stole.
“Otto Bingo” stod det på daudsattesten hans. Og slik enda soga om Ota Benga.
Kjelder: BoingBoing 15.07.2007, Wikipedia “Ota Benga”, ABC Nyheter “Ota Benga – mannen i buret”.
32 ways to tick people off
Came across this wonderful list of ways to tick off your colleagues at work or other people for that matter:
HOW TO TICK PEOPLE OFF
1. Leave the copy machine set to reduce 200%, extra dark, 17 inch paper, 99 copies.
2. In the memo field of all your checks, write “for sexual favors.”
3. Specify that your drive-through order is “TO-GO.”
4. If you have a glass eye, tap on it occasionally with your pen while talking to others.
5. Stomp on little plastic ketchup packets.
…
For the full list check out how to tick people off.
