Bergheim.dk Rotating Header Image

Posts Tagged ‘event’

Gloppen Boksete: Per Sivle, Alfred Fidjestøl – og Anders A Fitje

Etter å ha flytt attende til Sandane frå synda sin eigen heimstad, Oslo, har frende Anders A Fitje teke initiativ til ei tilstelling i litteraturen sitt namn, Gloppen Boksete.

Boksete er, til liks med “beverpelsen” til Agnar Mykle, eit vakkert ord som det ikkje utan vidare er lett å bli klok på – om du då ikkje står skriven i Vestmannalaget.

Eg har bestemt meg for at det er eit ord samansett av delane “bok” og “sete”. I ein flora av stadig fleire veike riksmålsnemningar, engelske orddelingar og tynnslitne moteord, er det godt å sjå eit slikt traust namn.

Hadde Gloppen Boksete blitt arrangert i Oslo, hadde namnet truleg vore “Bokbadet 2.0″.

Kveldens tema var livet, forfattarskapen og lagnaden til Per Sivle, representert ved Alfred Fidjestøl sin Sivlebiografi, “Eit halvt liv”, som kom ut i august i år.

Eg hadde lite kjennskap til Sivle, fyrst og fremst gjennom novella “Berre ein Hund”, som då eg las den, trefte meg midt i rettferdskjensla mi. Eg hadde også vore på nokre samlingar der leiar i Sivlelaget, Jens Brekke, deklamerte or samlinga “Vossa-Stubbar” – men det var alt.

I kveld lærte eg om mennesket Per Sivle, som kom “uekte” og uynskt inn i verda, som levde eit plaga liv, og til sist forlet det ved eiga hjelp. Om pietisten Sivle, som var redd for at det skulle vekse hår i handflatene hans, om alkoholikaren Sivle som drakk seg gjennom Europa på statsstipend – men også om det ljose mennesket og humoristen Sivle. Stort mangfald – mykje å tenkje på.

Noko av det siste Sivle publiserte før han tok sitt eige liv, var eit sjølvmordsbrev på verseform, diktet “Eit ord”. Opninga lyder slik:

“Ja, no skal Noreg ha Takk fyr meg.
Og så fær då kvar ein syta fyr seg.
Eg gjorde mitt, og det var ikkje stort.
- Men endå eg segjer at gjort er gjort.”

Dette arrangementet har livets rett, tenkte eg med meg sjølv då eg drog heim, Anders har lukkast.

Til lukke, Gunhild & Roy

Gunhild & Roy

Fyrste september gifte Gunhild og Roy seg i Bygstad kyrkje med påfølgjande fest på Åmot gard. Eit storveges bryllaup som varte frå fredag til søndag – og som seint vil bli gløymt.

Gloppen Musikkfest 2007

are.jpgMin gamle frende og svirebror Are Frode Søholt tok for fire fem år sidan initativet til ein festival for kammermusikk i heimbygda vår Gloppen. Dette var ikkje nokon enkel idé å kome på – sjølv om det er betydeleg lettare å tenkje den enn det må ha vore å realisere den.

Are Frode har altså lukkast med begge deler og kan i år by på ei veke med meisterkurs, åtte konsertar og – av årsaker eg har vanskeleg for å forstå – ein fotballkamp der musikarar frå festivalen spelar mot det lokale “elitelaget” STIL.

(Eg har vanskar med å sjå at nokon av partane kan vere tente med dette; anten vert musikarane slakta som sist – eller dei vinn – og det lokale fotballaget må legge ned aktiviteten og finne andre ting å fylle liva sine med.)

Festivalen kan skilte med eit utmerkt program og eg reiser beinvegen til Gloppen i morgon kveld for å få med meg opningskonserten “Grieg og det Norske Solistkor”. Har også tenkt å få med meg konserten med Kristin Asbjørnsen i Breimskyrkja Laurdag kveld og kanskje nokre til. Dette blir bra!

Link: Gloppen Musikkfest

Hjarteleg til lukke Edle og Kåre!!!

Edle & Kåre

Mine gode vener Edle og Kåre gifte seg i Øre kyrkje, 4. August 2007 og feira med ein durabeleg fest på Håholmen Havstuer etterpå! Tusen takk for ei storveges oppleving og all mogleg lukke vert ynskt dykk!

Gratulasjonar til Hege, Ane og Anders!

Anders, Ane og Hege

Ane, den fyrstefødde (av ei lang rekkje?) til mine gode frendar Hege og Anders gjorde sin entré på Kvia på Ytre Fitje 20. Juli 2007 grytidleg om morgonen!

(Biletet er teke 2 veker etter “ankomst”)