Bergheim.dk Rotating Header Image

Posts Tagged ‘business’

Kollegaene mine i Abu Dhabi

IMG_3594-1.JPG

Ein liten amerikanar, ein stor nordmann og ein liten ukrainar… Eit lite stykke Norplan!

Det har snart gått eitt år sidan eg la ut frå Sogndal for ein to-vekers tur til Abu Dhabi for å sjå om eg kunne bidra med noko på grunnkartleggingsprosjektet som Norplan arbeidde med der for Abu Dhabi Kommune. Eg har ikkje vore åleine dette året men har vore omgjeven av ei rekkje utmerkte kollegaer som i kortare eller lengre periodar har vore innom:

(lista opp i den rekkefølgja eg har truffe dei her nede)

Oskar Henriksen

Picture 046.jpg…gjorde sin entre i Abu Dhabi i 1982 og har følgt heile utviklinga til Abu Dhabi frå å vere ei meir eller mindre ubetydeleg husgruppe i sanden til å verte ein by med eit namn som får folk til å nikke gjenkjennande over store delar av verda. Oskar er også ein mann som får folk til å nikke gjenkjennande over store delar av verda. Det finst ikkje det u-land der han ikkje har hatt eitt lengre arbeidsopphald og mannen er ein av dei fremste ekspertane på livsnyting som nokonsinne har kome ut av kongeriket Noreg. Oskar pådreg seg vener overalt der han går og gjer naturleg krav på ein stor del av merksemda i eitt kvart rom der han gjer sin entre. Oskar har truga med å pensjonere seg i november 2008 men er venta attende til Abu Dhabi etter eit mindre deleskift i eitt kne som har gjeve etter for konsekvensane av den før nemnde livsnytinga.

Tor Gunnar Øverli

Picture 067.jpg…kom til Abu Dhabi for seks år sidan for å delta i eit prosjekt som skulle etablere ein integrert GIS-database for heile den offentlege sektoren i Abu Dhabi. Sidan den gong har han starta kvar dag med å seie høgt til seg sjølv tre gonger: “Jeg tror Norplan bør trekke seg ut fra Abu Dhabi”. Trass eitt tynnsmurd lag av svartsyn er Tor Gunnar hovudmotivatoren og sjefen for Norplan si verksemd i UAE. Tor Gunnar er til vanleg busett i bibelbeltet på Sørlandet – i Arendal – og er ikkje heilt upåvirka av dette. Han har eit større antal ungar med ei sjarmerande kone som med jamne mellomrom skiftar for- og etternamn.

Andavilli Venkata Seja Shankar

Picture 074-2.jpg…tok til i Norplan medan verda enno var ung. Han var då det han sjølv karakteriserar som ein landsbygut – det vil seie at han vaks opp i ei “grend” med omlag 400 000 innbyggjarar i nærleiken av Hydrabad i det sentrale Sør-India. Shankar har vore med på alle dei ulike inkarnasjonane av prosjekt og organisasjonsformer som Norplan har drive med i UAE og er for tida busett i Muscat, Oman saman med kona Prabha og dottera Dolly. Shankar er “problem-solver” i gjengen og vert kalla inn kvar gong vi møter veggen. Kort tid etter dukkar Shankar opp – klar til å skjelle ut dei som må skjellast ut og klappe dei som må strykast med håra. Om metodeverket har noko litt “latinsk” over seg er utkomet nesten alltid suksess.

Mike Che / Mikhaelo Dimitrovitsj Cheremshynskyi

IMG_7397.JPG er frå Ukraina. Dette visste eg ikkje før eg møtte han. Eg hadde berre sett namnet “Mike Che” i e-postar og på papir og var såleis budd på å møte ein kortvaksen, brei og brillebekledd kinesar som hadde “vestlegifisert” namnet sitt som eit forsøk på marknadstilpassing. Etter tre månader med hard trening lukkast eg til sist med å lære å uttale etternamnet hans, Cheremshynskyi, (whisky-tre). Mike brukte å vere noko slikt som sjef for det Ukrainske Kartverket med omlag 3500. Mike har freista å selje raud kommunisme til svarte brør i Vest-Afrika; Mike lærte seg spansk ved å pugge talane til Fidel Castro; Mike snakkar flytande gateportugisisk med angolsk aksent og er ein utmerkt reisekamerat under helgeutfluktar kringom i emirata. Dottera til Mike er talkshow-vert i Ukraina.

Chad Jerry Henrix

IMG_0395-1.JPGer ein amerikanar frå Tennessee som melde sin ankomst i Abu Dhabi utpå sommaren etter å ha blitt anbefalt av Ola Nordbeck. Chad Jerry likar ikkje å bli kalla Chad Jerry og har difor lagt til seg kort-nemninga CJ. Trass nasjonalitet og herkomst er Chad Jerry eitt reflektert og intelligent menneske som opprettheld livsfunksjonane gjennom ein diett beståande meir eller mindre eksklusivt av peanøttsmør og bringebærsylte: “peanut butter and jam”. CJ har kjærleikspendlar jorda over for å vere hjå si kjære Ann, som fram til nyleg budde i Roma men som no flyttar til Haiti for å drive bistandsarbeid. Amerikanaren søv nokre få timar kvar natt og er gjerne oppe og spring lenge før eg har letta hovudet frå puta.

Khalil Nijeem

Khalil.JPGer ein Palestinar som er fødd i Jerusalem og busett i Ramalla. Før han tok til som konsulent arbeidde han som kontorsjef høgt oppe i det palestinske departementsbyråkratiet. Khalil budde i same hus som den nyleg Palestinske diktaren Mahmoud Darwish. Khalil er ein stor tilhengjar av øl, peanøtter, sheesha og libanesisk mat og såleis ikkje berre ein utmerkt kollega på dagtid men også utsøkt selskap etter fritida sitt frambrot. Khalil lærte meg svært mykje om Palestina-konflikten som eg fram til då kunn hadde eit forhold til i form av dagsrevy-reportasjar med ungar som kasta stein på kamphelikopter som skaut rakettar attende.

Frank Haugan

Frank Haugan-1.jpger trønder, seglbåteigar og innehavar av ein tiltakande skjeggstubb som truleg gjev han eitt distingvert preg. Frank går i skreddarsydde klede og reiser ingen stad utan dei svindyre dartpilene sine. Frank arbeidde også på det tidlegare integrasjonsprosjektet i Abu Dhabi og på eitt større prosjekt i Muscat i Oman.

Yngve (Karl) Frøyen

Yngve-1.jpger ein Sunnfjording frå Svelgen som har utvandra til Trondheim der han ikkje får tilstrekkeleg høve til å praktisere dialekten sin. Når han kjem på vitjing snakkar vi nynorsk og gler oss over alle dei orda hine ikkje forstår. Dei er mange. Yngve og eg har ved fleire høve kryssa klinger innan lett-litterære verk og vi vert jamleg nytta til festunderhaldning og talar i Asplan Viak regi. Såleis brukar vi høvesvis mykje tid på å klekke ut diverse gangbare og ikkje-gangbare idear når vi residerar på same stad. Yngve har eit urimeleg nært forhold til tubaen sin som han saknar sårt når han er i eksil. Yngve, til liks med Oskar og Per er ein utmerkt kokk.

Per (Roald) Andersen

Per-1.jpger ein kjernekar som eg og Tor Gunnar hadde gleda av å intervjue og tilsetje i Asplan Viak for nokre år sidan. Han har nyleg teke over stafettpinnen etter meg som leiar i Asplan Viak Internett og er ein karakter som gjer nesten ei kvar forsamling muntrare og meir godlynnt enn den elles hadde vore. Per er frå Lofoten og ber sterkt preg av dette.

Olav Hauge

IMG_0756-1.JPGer eit einsleg oksygen-atom i Asplan Viak systemet som hostar opp prosjekt i dei mest fjerntliggjande hjørne av kloden med jamne mellomrom. Når vi ser vepna konfliktar som eskalerer på dagsrevyen er Olav Hauge nesten alltid å sjå i bakgrunnen, snakkande på mobiltelefon til Noreg om eitt eller anna viktig bistands- eller planleggings prosjekt. Olav var internasjonal direktør i Asplan Viak under Garnåsjordet-administrasjonen men treng langt frå nokon tittel for å hevde sin posisjon i selskapet.

Shimnas Pulakuttumkal Suleiman

Shimnas-1.jpger kaffi og kontorgut på kommunehuset og er ansvarleg for den avdelinga vi arbeider for, Spatial Data Directorate. Shimnas kjem uoppfordra med te til oss og ser også til at det er reint både i leilegheita til Oskar oppe på øya og i Villa Norplan nede i “The Empty Corner”, som Mike kallar det. Det er vanskeleg å mislike Shimnas og mannen har eit eige talent for entreprenørskap som truleg vil bringe han lengre enn dei fleste med same startstrek. Shimnas har som langtidsmålsetjing å flytte attende til India og slå eg nede med kone og eitt ukjent antal ungar i landsbyen Pulakuttumkal nær Trivandrum i det sørlege India.

Tone Bjørnhaug

Tone-1.jpgvart eg kjend med under Asplan Viak sin studietur til Torino i 2006 då vi hadde gleda av å dele alle drammane til ein fråhaldsmann vi hadde ved sidan av oss under festmiddagen. Tone er arkitekt og kjempa ein tapper kamp for å klekke ut eit skiltkonsept for det nye adressesystemet i Abu Dhabi.

Thea Kvamme Hartmann

Thea-1.jpgtilhøyrer ei gruppe menneske som eg har botnlaus respekt for og ofte kjenner meg svært underlegen i selskap med: nemleg kortvaksne bestemte damer med kunstnarlege anlegg og briller. No brukar ikkje Thea briller heile tida – til gjengjeld skriv ho dikt på serviettar.

Kyrre Westengen

200807_3 - Muscat etc 295.jpger ein roleg og avbalansert Oslobu frå Porsgrunn. Kyrre si sinnsro er både tiltalande og svæt smittsam men Tone virka til å vere resistent – spesielt når Kyrre tek seg tid til både sightseeing og ei ekstrarunde innom bensinstasjonen når dei skal nå flyet.

Jonas Ravlo Stokke

er industridesigner med trang dress, kreative tankar og eit godt handlag med digitale design og konstruksjonsverkty. Jonas tek lett leiing og får andre med seg i å tenkje “utanfor boksen” – eller i det minste “på boksen”.

Tor Bernhardsen

Tor-1.jpg“grand old man” innan den norske GIS-verda med bokklassikaren “Geografiske Informasjonssystem” på samvitet. Tor – eller i alle fall skrifta hans – er oversett til eitt utal språk og har mellom anna vorte nytta under mitt eige GIS-kurs ved Høgskulen i Sogn og Fjordane frå 1999 – 2001. Tor er også ein av desse som driv og spring etter vegane og er etter det eg har høyrt ein entusiastisk rollerblade-brukar

Pål Føyn Jespersen

Pål-1.jpgsjølvaste storesjefen innan samfunnsdivisjonen i Asplan Viak og mangeårig styreleiar i Asplan Viak Internet as, har ved fleire høve lagt vegen innom UAE hovudstaden for å låne tyngde til viktige møte og for å rette opp kursen når eit grunnstøt har vore nær føreståande. Forutan formelle roller er Pål også ein mann det fint går an å røykje ei vasspipe med ein mørk og varm Abu Dhabi-kveld. Pål synte seg å vere betre på slalom enn det eg sette pris på under vår vitjing i Ski Dubai – dette resulterte i at han måtte vente tre minutt på meg for kvar nedkøyring. Det er mykje på ei nedkøyring som i utgangspunktet tok med 3 minutt og 25 sekund. Pål har også ein urovekkjande kunnskap om musikk. Det er uvanleg å finne så mange positive sider i eitt menneske frå Blommenholm/Tønnsberg. Forklaringa er mangeårig influens frå kona Kristin som er vestlending og såleis har hatt ein positiv innverknad Pål.

Hanne Bertnes Nordli

Hanne-1.jpgkom til Abu Dhabi tyngd av sosialt ansvar og fyllt av fordomar om undertrykte, tildekte kvinner og kynisk utnytting av billeg arbeidskraft. Det synte seg imidlertid raskt at Hanne gjennom sin mangslungne geografiske bakgrunn sjølv hadde hatt fleire hushjelper enn ho hadde fingrar og gartnarar ho ikkje eingong kunne hugse namnet på.

Zul Jiwani

er ein Indisk/Tanzaniansk/Kanadiar som har slege seg opp som GIS-konsulent i Midt-Austen gjennom etableringa av det vel-renomerte men kanskje ikkje så alt for revolusjonerande GIS-senteret i Doha i Qatar. Zul er så sjølvsikker i sitt ord at han utan vesentlege vanskar kan selje sand til tyrste ørkenbeduinar og attpåtil ta seg klekkeleg betalt for det. Noko eg har ein sterk misstanke om at han i overført betydning også gjer.

Ola Nordbeck

Ola-1.jpgslutta i Asplan Viak for umiddelbart etterpå å ta eitt trevekers oppdrag for Norplan i slutten av Mai/byrjinga av Juni. Ola fall umiddelbart på plass i teamet sjølv om verken Hanne eller Tor Gunnar skjøna eitt ord av kva han sa. Ola er frå Skåne. Ved si eiga avreise skaffa Ola tilveges CJ som skulle avløyse han. Det var ein kontraktsføresetnad at CJ måtte reie grunnen for at Ola skulle kome attende etter nokre månader. Ola hadde ein teori om at det no var kona hans sin tur å følgje etter han – ettersom han fram til då hadde følgt etter henne og til og med gått så langt som til å busetje seg i Oslo – noko med den tyngste flyttinga ein svensk statsborgar kan utsetjast for. Vi må tru at dette var ei høgst teoretisk rettigheit – vi har i alle fall ikkje høyrt noko meir frå Ola sidan.

Frode Wiseth Jørgensen

IMG_0758-1.JPGer ein gamal kollega frå Avinet som flytta til Trondheim for nokre år sidan. Mannen er i skrivande stund 33 år men har skifta eit vesentleg antal delar og er såleis biologisk ein langt yngre mann.

London in June

A brief visist to London in the end of June to attend the kick-off meeting of the EuropeanaLocal project at Regents College.

On the negative side:

  • Etihad was considerably less nice on this leg than I’ve become accustomed to from my previous flights with them travelling from Brussels to Abu Dhabi. Any basket is likely to have one rotten egg. Etihad’s seems to be the check-in attendant at Heathrow.
  • The chairs at the conference venue were targeted more at efficient use of space rather than a comfortable sitting experience.
  • The taxi drivers in London likes to rip me off.

On the positive side:

  • The project kick-off was a success.
  • The kick-off dinner

Inntrykk frå Abu Dhabi (etter to veker)

Mosque

Moské med forgylt kuppel nær Rashid Bin Saeed Al Maktoums gate.

Abu Dhabi er ein storby – og ein stor by. Eit kompakt fotgjengarsentrum manglar heilt og transporten er konsentrert rundt privatbiltrafikk. Det er butikkar over alt men den “seriøse” shoppinga er konsentrert til gigantiske kjøpesenter, “malls”, med innandørs gater, underhaldning og restaurantar.

Gatebilete frå Abu Dhabi

Del av Zayed den fyrstes gate, Abu Dhabi sentrum

Abu Dhabi er flatt. Heilt flatt. Landskapet består av ei uendeleg rekkje med høghus, kjensla av å vandre kringom i Abu Dhabi kan ikkje vere så heilt ulik den ein har når ein går på Manhattan i New York.

Fontene ved Corniche

Fontene i nærleiken av Sheraton hotel på Corniche

Arabarane er glade i vatn. Alle samfunn har ein tendens til å dyrke minimumsfaktorane sine, det er truleg difor ein finn nordmenn i badebukse og bikini i påskefjellet, om sola skulle gløtte fram. I Abu Dhabi er det fontener som gjeld. Mange fontener, over alt.

mosque.jpg

Moské i nærleiken av gullsouken i Abu Dhabi

På same måte som vi let oss undre over talet kyrkjer pr innbyggjar, i små bygdesamfunn på vestlandet, er Abu Dhabi full av moskear. Frå kraftige høgtalarar i minaretane vert muslimane kalla til bøn fem gonger dagleg med ulike bønerop som vert framførte/sungne av muezzinen. Om dette skjer midt i eit møte, hender det at folk reiser seg og går, for så å kome attende ti minutt seinare, etter bøna. Det står respekt av det å ikkje berre seie at ein trur, men også å lever deretter.

Lovsystemet i Abu Dhabi er basert på Sharia, lovdelen i Koranen. Dette medfører ei rekkje restriksjonar som eg ikkje er van med, men som har liten konsekvens for mitt levesett, når det kjem til stykket. Folkeskikk og bondevit strekkjer langt også her. Underleg nok går det an å få kjøpt både brennevin og bacon her nede, i spesielle butikkar som sel “non-Islamic groceries”. Det same gjeld i internasjonale restaurantar og hotell som fungerar som små sekulære samfunn i den religiøse staten.

Corniche

Utsnitt av “strandpromenaden” i Abu Dhabi, Corniche

Abu Dhabi er ein trygg by. I Oslo, med sine 500 000 innbyggjarar, kan ein utan vanskar klare å bli fråstolen lommeboka om ein tek seg ein spasertur langs Akerselva om kvelden. I Abu Dhabi kan ein spasere åleine på Corniche klokka 02:00 om natta utan å ha noko anna å vere redd for enn at det vert tungt å stå opp neste dag.

Eg trur ikkje at eg kjem til å leige bil i Abu Dhabi; store delar av befolkinga i her er djupt religiøse, og stør seg til at det som er meint å skje skjer, uavhengig av raude og grøne trafikklys, fotgjengarfelt og tometer høge nordmenn.

Mest fascinerande er det kanskje at Abu Dhabi inntil 1970 var ein landsby med svært få innbyggjarar, ingen høghus og dårlege prospekt for framtida. Sheik Zayeed bin Sultan al Nahyan bygde denne byen med inntektene han henta frå oljen. Men arabarane har ikkje late seg blinde av oljen, dei byggjer ein stabil økonomi som har fleire bein å stå på og der oljen pr dato utgjer mindre enn 10% av BNP.

Booze – Business – Berlin

A recent study trip with Avinet’s “corporate mother”, Asplan Viak, took me to Berlin in the company of about 60 merry colleagues. Following a similar experience in Turin, Italy, last year my expectations were split. Happy, as always, when thinking of the opportunity to enjoy evenings out in good company – but at the same time fearing the quality of the food which usually suffers greatly when traveling in groups.

My doubts were however put to shame and I had some of the most enjoyable evenings out in a European city ever accompanied by good, solid German food. My thanks go out to Pål, chairman of the board of Avinet (and on other occasions excellent drinking pal), for urging me to come along. (more…)

Dublin & Wicklow: Avinet study trip 2007

Avinet at Great Sugarloaf Mountain

Above: My colleagues in Asplan Viak Internet at the top of Great Sugarloaf Mountain, County Wicklow, Ireland during our annual study trip.

The sixth in the line of Avinet study trips was successfully executed from the 24th to the 28th of August 2007 with Dublin as a base for our activities. In addition to our strategy seminar we also managed to squeeze in a visit to the Old Jameson Distillery, the Guinness Storehouse and many, many enjoyable pub visits!

Click here for 100 highres photos from Dublin, Wicklow, Powerscourt and Glendalough fom the gallery (Norwegian captions)!