Bergheim.dk Rotating Header Image

Posts under ‘Ting som irriterar meg’

Are Frode Søholt: Ho står i rommet mitt og brenn

Det er ikkje til å legge lok på at eg vert uroa når eg såg frende Are Frode Søholt gjere diktdebut på forlaget Tiden – samstundes vart eg vàr ei snikande og utilfreds kjensle av ikkje sjølv å ha utretta noko av tilnærmingsvis same proporsjon.

Forlaget si omtale av diktsamlinga:

ho står i rommet mitt og brenn er ei vakker, kjenslevar, musikalsk og tilgjengeleg diktsamling. I debutsamlinga ho står i rommet mitt og brenn skriv Are Frode Søholt fram ei historie om eit par som går gjennom ulike stadier av eit forhold. Frå ei forelsking, til eit samliv og til eit brot. Dikta fortel oss noko om problemet med å få kommunisert det ein føler eller tenkjer, både overfor ein kjærast, og for seg sjølv. Men samtidig uttrykker dikta noko om seg sjølv; ubehaget over ikkje å nå fram.Are Frode Søholt f. 1974 er songar og debutant.

Boka kan bestillast frå Tiden forlag.

Gratulerar Are Frode!

IATA-reglane – flyselskapa sin bibel

Ny, rik erfaring i reiselivet i dag.

Eg er i ferd med å reise frå Trondheim til Dubai med KLM og har booka billett via Widerøe sine internettsider. Dei har skrive ut ein elektronisk billett til meg.

Då eg freista å sjekke inn på nettet fekk eg beskjed om at min billett – eller ein i reisefølgjet mitt – ikkje kunne sjekkast inn på nett og at eg skulle vente til eg kom på flyplassen. Dette medførte at eg ikkje fekk høve til å oppgradere til naudutgongssete – det er ikkje berre SAS som har klart å kome fram til at det går an å skvise nokre ekstra kroner utav tryggingsinstallasjonane sine, KLM er ikkje det spor betre.

Men det var ikkje det som var dagens hovudpoeng:

Eg skal attende til Noreg om ei lita veke. Eg hadde frå før av ein tur/retur billett som ville sikre meg retur til Brussel den 19. Desember – men eg trengde å få booka inn siste distansen heim til Oslo også. Eg gjekk difor inn på Brussel Airlines sine heimesider for å bestille ein billett.

Umiddelbart etter å ha fullført bookingløypa såg eg at eg ved eit misstak hadde kome i skade for å oppgje namnet mitt feil: “Ruanr” i staden for “Runar”. Eg tok umiddelbart kontakt med kundeservice hjå Brussel Airlines, ei avdeling eg på det sterkaste misstenkjer for å vere lokalisert ein ikkje så alt for sentral stad i India.

Etter å ha trykt 10-12 gonger på nummertastar med det føremål å filtre samtala mi fram til rett ekspeditør og fekk til slutt ei dame på tråden.

Ho kunne fortelje meg – tre gonger – at det ikkje var mogleg å endre namn på ein billett – av di KLM var medlem av IATA – og meldemmer av IATA byter ikkje namn på billettar. Det er i mot regelverket å byte namn på billettar. I alle fall for IATA medlemmer. Det er slik det er. Ikkje mogleg, sa dama.

Eg krangla ikkje. Kansllellerte billetten og bestillte ein ny. Men logikken i dette resonnementet kan umogleg vere god.

IATA virkar til å ha tungt for å akseptere at noko kan skifte namn på ein billett etter at den er kjøpt. Men IATA virkar ikkje til å ha noko problem i det heile med at folk, som har vore så syndige å klemme inn ein liten skrivefeil når dei oppgav namnet sitt på bookingsida på nettet, ikkje får lov til å gå ombord på flya.

Ei erfaring rikare – eller – ei erfaring til i alle fall!

SAS: “Beklager, nødutgangen er i Economy Flex”

Då eg Onsdag morgon sjekka inn i Oslo freista eg å godsnakke med boardingstaben ved utgong 32 med det føremål å bli plassert i eit sete med toleleg beinplass. Dette er ein strategi som frå tid til tid virkar – men som er heilt avhengig av at den ein snakkar med forstår problemet. Forbausande ofte gjer dei ikkje det. (Om nokon som ikkje kjenner meg skulle lese dette så er problemet som følgjer: eg er 197 cm høg, er korresponderande breid og har lange bein.)

- “Beklager, du sitter for langt bak i flyet til at jeg kan gi deg nødutgang”, sa karen bak skranken.

- “Hæ…”, sa eg undrande – “koreleis då”?

- “Nødutgangen er i Economy Flex ser du, da måtte du ha kjøpt en bedre billett”, sa han med eit smil som han openbart hadde venta lenge på å få avlevere.

- “Det stod ikkje noko om at dette var ein spesielt dårleg billett då eg kjøpte den på nettet”, svara eg. “Det einaste som stod var at den ikkje var ombookbar”.

- “Beklager, men det hjelper ikke”, sa han på ein måte som gjorde det heilt klart at dette var noko i alle fall han ikkje tykte var beklageleg.

Harm som eg var tenkte eg å lese opp nokre IATA-reglar for han: “Du er klar over at flyet ikkje har lov til å ta av med mindre alle passasjerane er i stand til å sitje i krasjlandingsstilling?”, spurde eg sarkastisk.

- “Alle kan det ser du”, sa han og smilte.

Eg beit i meg resten av orda – dersom eg hadde gått vidare og prova poenget mitt hadde eg berre blitt sett att i Oslo. Sete ved nødutgangen hadde eg i alle fall ikkje fått.

Den interessante lærdomen frå denne morgontimen på Gardermoen var følgjande: nødutgangen er ikkje noko som er installert på flyet for å gjere passasjerar i stand til å ta seg ut av flyet på alternativ måte i tilfelle ei ulukke skulle inntreffe. Nødutgongen er noko som er installert for at passasjerar i Economy Plus skal kunne få strekkje på føtene sine.

Om eg hadde trykt meg ned i ein koffert og sjekka meg sjølv inn som bagasje ville eg ha fått den plassen eg trengde; når eg sjekkar inn som passasjer får eg eit sete som er laga for akkurat å kunne romme ein person av 175 cm lengde som veg 75 kg og følgjeleg kan sitje på tvers eller i Lotus-stilling om situasjonen skulle krevje dette.

Ja, ja… Ein ny dag i mi eiga vesle luftfartshistorie.

Al Ain Palace

Al Ain Palace, det eldste hotellet i Abu Dhabi. Ein gong palasset til Sheik Zayed bin Sultan al Nahyan – no tilhaldsstad for brunstige tyskarar og kvinnelege småentreprenørar. I bakgrunnen, Le Royal Meridien med den roterande takrestauranten sin.

Grunna innrykk av feriegjester vart leilegheita til Oskar midlertidig overfylt og som sist ankomne nordmann i Abu Dhabi vart det mitt lodd å forflytte meg til Al Ain Palace for nokre dagar. Her fekk eg oppleve ei ny side av Abu Dhabi. Eg hadde eigentleg forestilt meg at dette emiratet, som er strengt religiøst, ville vere litt restriktivt når det kom til slike ting som omsetning og konsum av alkohol og seksualtenester, men det var feil; på Al Ain Palace var omsetninga av båe varekategoriar i full gang allereie i sekstida på kvelden når eg kom attende frå arbeid.

Dei to fyrste nettene hadde eg den tvilsame gleda av å ha ein tyskar på naborommet. Klokka sju om kvelden var han i gong med det eg trur må ha vore dagens fyrste runde med “kinesisk take-away” som småentreprenørane vert kalla her nede. Hadde det vore jentene som laga ein så fælsleg lyd som eg høyrde frå naborommet hadde eg ringt politiet. Det var imidlertid tyskaren sjølv som stod for lydane; det må venteleg ha vore uttrykk for noko han tykte om, men det høyrdest knappast slik ut for utanforståande eller -liggande.

Men det er ikkje nok med det. På hjørnet av Al Ain Palace ligg eitt ulovleg men “akseptert” alkoholutsal. Her kjem ikkje-heilt-rettruande muslimar i bilar med sota ruter og kjøper brennevin i diskret forpakning som vert plassert rett i bagasjerommet, teke imot betaling for gjennom ei smal glipe i bilvindauget og sidan aldri meir spurd..

Det mest underlege ved dette er at Al Ain Palace det eldste hotellet i Abu Dhabi, og at det tidlegare har vore palasset til den mykje omtykte Sheik Zayed, grunnleggjaren av UAE. Såleis burde alt liggje til rette for at hotellet kunne ha vore mykje meir attraktivt enn det er i dag – om det berre hadde gjort litt meir ut av historia si og litt mindre ut av ekstratenestene som vert selde på staden.

Ei ny helg står for døra i Abu Dhabi

Balladia

Biletet ovanfor syner kommunehuset i Abu Dhabi der eg arbeider. Det er noko meir “grandiost” enn kommunehusa heime – men så har då også kommunen 1 694 000 fleire innbyggjarar!

Forrige helg gjekk med til å pleie helsa etter at eg vart slegen ut av feber fredag ettermiddag. Dermed fekk eg ikkje utforska Abu Dhabi slik eg hadde sett føre meg – ei heller Al Ain-oasen eller nabobyen Dubai. Det lyt vere til seinare vitjingar. No er helsa oppe der den brukar å vere att, det vil seie, i botnsjiktet, og ei ny helg står for døra; alt skulle såleis vere duka for noko større opplevingsrikdom denne helga!