Bergheim.dk Rotating Header Image

Posts under ‘Foto & media’

Juleførebuingar i UAE

Photo-3.jpg

På hotellet Le Meridien er dei travelt opptekne med å montere opp juledekorasjonen sin. Den består av eit isslott, ein Tysk-Austeriksk alpelandsby og ein skog av plasttre med falsk snø.

Det kan vere verd å stanse og tenkje seg om i religionsdebatten heime i Noreg når ein ser dette. Midt i eit strengt muslimsk land køyrer dei på med Jesuskrubber, julefeiring og alt som høyrer høgtida til. I Noreg undrar vi om vi ikkje burde avvikle kristendomsundervisning i skulen for å unngå å krenkje folk som tilhøyrer andre religionar.

Dagens ord: sameksistens!

Skilt og plakatar i UAE

Adgang forbudt for andre enn bønder og turistar. Eit kjekt skilt å sjå for ein bondeson som er turist. Vanlegvis er det omvendt…

Denne stranda er berre for familiar. Eigentleg ingen dum idé, men for Tor Gunnar, Mike og meg betydde det at vi ikkje fekk overnatte på det lokale hotellet.

Khat Politistasjon. Ein tornefull og vanskeleg veg til ein ironisk namngjeven politistasjon.

Kjøp ein eigedom i Dubai og få ein Bentley eller BMW med på kjøpet. Du er også med i trekninga av eitt privatfly og ei privat øy. Pondus over premiane frå arabiske eigedomsmeklarar…

(Geo)turist

Det må truleg vere slik dei ser ut, desse geoturistane det er så mykje snakk om. Meg sjølv utanfor Madinat Jumeirah, Dubai, UAE. (Foto: Mike Cheremshynskyi)

Frelse eller fortaping?

Flakedans eller gudsteneste?

Eitt av dei store vegvala i livet: gudsteneste (til høgre) eller flakedans (til venstre) – frelse eller fortaping? Teke under friluftshelga i Hyen, sommaren 2007. Foto: Asgjerd Bergheim (http://www.bergheim.dk/asgjerd).

Haust på Granekupa

Fagredalsreset

Det er ikkje eit skikkeleg år om eg ikkje har vore inn på Fagredalsreset og sett utover Fagredalen, Blådalen og Måsedalen.

Då frende Ove var på (relativt) sørlege breddegrader for nokre dagar, nytta vi høvet til å ta ein tur på Granekupa for å fiske – og meditere over nok eit år utan at vi hadde fått nytta nok tid inne i fjellheimen. Etter 25 timar og åtte fisk vende vi nasen attende til sivilisasjonen. Oppbyggjeleg men for kort.

Klikk her for 14 bilete frå Stoa, Granekupa og Fagredalsreset i flotte haustfargar i galleriet!