Bergheim.dk Rotating Header Image

Posts under ‘Ting som undrar meg’

Are Frode Søholt: Ho står i rommet mitt og brenn

Det er ikkje til å legge lok på at eg vert uroa når eg såg frende Are Frode Søholt gjere diktdebut på forlaget Tiden – samstundes vart eg vàr ei snikande og utilfreds kjensle av ikkje sjølv å ha utretta noko av tilnærmingsvis same proporsjon.

Forlaget si omtale av diktsamlinga:

ho står i rommet mitt og brenn er ei vakker, kjenslevar, musikalsk og tilgjengeleg diktsamling. I debutsamlinga ho står i rommet mitt og brenn skriv Are Frode Søholt fram ei historie om eit par som går gjennom ulike stadier av eit forhold. Frå ei forelsking, til eit samliv og til eit brot. Dikta fortel oss noko om problemet med å få kommunisert det ein føler eller tenkjer, både overfor ein kjærast, og for seg sjølv. Men samtidig uttrykker dikta noko om seg sjølv; ubehaget over ikkje å nå fram.Are Frode Søholt f. 1974 er songar og debutant.

Boka kan bestillast frå Tiden forlag.

Gratulerar Are Frode!

Protected: Aktlaust dikt

This post is password protected. To view it please enter your password below:


Juleførebuingar i UAE

Photo-3.jpg

På hotellet Le Meridien er dei travelt opptekne med å montere opp juledekorasjonen sin. Den består av eit isslott, ein Tysk-Austeriksk alpelandsby og ein skog av plasttre med falsk snø.

Det kan vere verd å stanse og tenkje seg om i religionsdebatten heime i Noreg når ein ser dette. Midt i eit strengt muslimsk land køyrer dei på med Jesuskrubber, julefeiring og alt som høyrer høgtida til. I Noreg undrar vi om vi ikkje burde avvikle kristendomsundervisning i skulen for å unngå å krenkje folk som tilhøyrer andre religionar.

Dagens ord: sameksistens!

Å verne om heimen

Inne i Sogn har eg ein kollega som for nokre år sidan vart kalla inn til øving i Hans Majestet Kongens Heimevern. Han vart tildelt eit relativt lågt embete i ei gruppering som hadde til føremål å øve vern mot pansra køyrety – i Luster.

Tenk etter, kor mykje skal ikkje ha gått gale før det kjem pansra køyrety med negative grunnhaldningar og fiendtleg innstilling til Luster? Eller Gloppen for den slags skuld.

Eg seier ikkje at Heimevernet er utan funksjon. På mange måtar er det ein hendige ting å ha om ein må ut og leite etter villfarne bærplukkarar eller om det krevst folk til å lempe sandsekkar eller sløkkje skogbrann. Og om nokon treng ein lett motvilljug dugnadsgjeng til eit idrettsarrangement er Heimevernet staden å gå. Men då må ein også øve på dette.

Om sjølvaste fienden står i ferjekø på Lote ein dag – og den norske Hæren har kasta inn handduken – er det vel lita von om at Nordstrandske løytnantar eller andre bygdekrigarar vil ha nokon avgjerande innverknad på utfallet.

Skulle eg prøve å ta til motmæle ville eg i alle fall ikkje ty til våpen. Eg ville ha teke fram ein sjudukar, knappa den i hop og synt fienden korleis vi bur i Heimevernet. Så ville eg ha falle kontrollert til høgre og ropa “Hjelp jeg faller” på mitt beste riksmål – og håpt på medkjensle.

I mellomtida søv eg godt om natta i vissa om at ikkje så godt som ei panservogn vil kunne ta gjennom Hafslo utan å bli sprengd i lufta av ein elitestyrke beståande av mellom anna kollega Idar, som kvar haust ligg oppe i skogbrynet med skarp ammunisjon og øver på nett dette.

Det kjennest trygt – trur eg.

No pets or bachelors: Ungkaren sin tunge lagnad i Abu Dhabi

IMG_9275-1.JPG

Ungkar i solnedgong: ung arbeidsinnvandrar tek seg heim frå arbeid ved soleglad nær Al Raha Gardens ein oktoberdag i 2008.

Det er ikkje lett å vere ungkar i dei Sameinte Arabiske Emirata. Ungkarar er noko skikkeleg svineri. Skal ein tru avisene, og det SKAL ein vel – i eitt land med aktiv pressesensur – er ungkarar skitne, illeluktande svinepelsar med tvilsamt oppsyn og ureine tankar. Mange av dei er jamvel Hinduistar som trur på gudar som ikkje er heimla i boka.

For å bøte på ungkarsplagene har myndigheitene gjort ei rekkje kløktige grep:

  • Offentlege strender er delte i to delar; ein for “ladies and families” og ei for “others”. Det siste tyder for alle praktiske føremål ungkarar.
  • Eit snedig stykke vitskapeleg arbeid har avslørt at inntektsnivå er proporsjonalt med moral hjå ungkarar. Såleis er det innført ei “badeavgift” på 10 dirham (15-20 norske kroner) for å sleppe inn på stranda. Dette virkar også til å ha løyst problemet med alle dei farga ungkarane utan å måtte setje opp eit “whites only” skilt – det ville nemleg lett ha blitt oppfatta som rasistisk.
  • Leilegheiter og villaer er berre for familiar. Ungkarar skal ikkje rote seg borti familiar – det er ikkje bra. Ungkarar skal ideelt sett bu i arbeidarleiarar i forstadane eller helst ute i ørkenen. Med unnatak av at det her er vatn i dusjen er det lite som skil desse frå konsentrasjonsleiarane som var så populære i Europa midt i det 20. århundret.
  • Restaurantar er delte inn i to soner. Ei for ungkarar og ei for familiar. Sistnemnde har betre stolar, klimaanlegg og service – og er som regel skjerma for innsyn frå – og ikkje minst utsyn til – ungkarane utanfor.
  • Mange hotell nektar å ta imot bookingar frå ungkarar i helgane. Helgane er reserverte for familiar. Dette er også ein fiffig måte å totalforby ungkarar på – ettersom ungkarane berre har fri i helgane – i veka arbeider dei.

Men rett skal vere rett: om ei kvinne i vannvare skulle forville seg inn på ei offentleg strand i Abu Dhabi vil ho umiddelbart bli gjenstand for meir merksemd enn ho nokonsinne kunne ha ynskt seg. Store mengder med ungkarar vil flokke seg kring ho på det dei sjølve opplever som ein diskret måte, det vil seie; akkurat så langt frå at dei ikkje kastar skugge på henne.

Såleis kan det vel vere grunnlag for å seie at dette med dei ureine tankane til ungkarane kanskje er rett. Det er no det heime – så kvifor ikkje her…