- “Good morning sir, where to?”, spurde ein framoverlut sudanesar, medan vi kjempa ein kamp om kven som skulle lempe kofferten min inn i bagasjerommet. Som Gloppar er eg ikkje så komfortabel med folk som ynskjer å hjelpe meg med å bere eller flytte ting.
- “To the airport, please”, mumla eg søvndrukken.
Det er lite truleg at eg var godt selskap denne morgonen – eg hadde slite meg opp i grisotta. Baksetet på drosja eg no klemde meg inn i, ein gamal Toyota Corolla som gjekk livskvelden raskt i møte, var eitt dårleg byte for seng og pute.
- “I drive fast, no?”, spurde sjåføren, tydeleg nøgd med sitt eige arbeid i det vi med eitt naudskrik unngjekk ein kryssande lastebil i eitt lyskryss.
- “Jau du køyrer som ein helvet”, svara eg halvt til meg sjølv, “ehrm… I mean, yes, you do”, la eg til etter at sjåføren hadde snudd seg ei halv omdreiing og sett dumt på meg i fem sekund medan han heldt ein jamn avstand på “eitt-tusen-og-daudsulukke” til bilen framom.
Nøgd med dette svaret trakka sjåføren gasspedalen enno nokre centimeter gjennom golvet og tok laus i retning flyplasen som om Styggen sjølv skulle ha vore etter han.
Abu Dhabi er ikkje eitt land der dei har overskot på vatn. Det finst imidlertid nokre få område der fordampinga er høg nok til at skodda legg seg tjukk om morgonen vinterstid. I tråd med god internasjonal praksis er det her dei har valt å leggje flyplassen sin. Følgjeleg kom vi etterkvart inn i eitt skoddefelt så tjukt at sjølv baklyktene på doningen fem meter framom oss mest ikkje var til å sjå.
- “It difficult see, no?”, spurde sudanesaren, medan han passa på ikkje å lette på gassfoten?
- “It difficult, it difficult indeed!”, svara eg fråverande medan eg freista å tenkje på alle dei gode tinga eg hadde fått med meg i livet. Det demra for meg at med setebeltet på kunne eg kanskje kome frå det med 80-90% funksjonshemningar framfor å misse livet.
- “What you doing, why?”, kom det såra frå førarsetet straks sjåføren vart var arbeidet med setebeltet bakom han. Det vart no viktigare for han enn nokon gong å demonstrere det fortreffelege ved kombinasjonen av høg fart, dårleg sikt og tett trafikk.
- “For God sake!!!”, ropte eg i det vi etter eitt akutt feltskifte, som kom nesten like uventa på meg som på bilen ved sidan av, køyrde forbi ein ny lastebil.
Ordet “God” hadde gjeve sjåføren ei kjærkomen anledning til å skifte temaet til gudstru. Oppøst og glad over denne nye utviklinga i samtalen, som til no i sin heilskap hadde vore einsidig og samansett av einstavingar, kom sudanesaren i vanvare for å slakke eitt par-tre grader på gassfoten.
Dei likar å snakke religion her nede, spesielt om dei kan få klemt inn nokre sjølvproklamerte fulltreffarar knytt til skilnaden mellom dei som har rett (muslimar) og dei som har feil (alle andre – men særskild ætta til Ismael og desse heidenske Hinduistane).
Eg byrja så smått å leike meg med tanken på at eg kunne kome ifrå dette utan sjukehusopphald om eg berre kunne klare å halde samtalen i gong.
Det var imidlertid ikkje mykje trøyst å få gjennom samtalen. I nøkterne 120 km i timen – men framleis med nullsikt – fekk eg passet mitt påskrive: vel og bra var det at eg tilhøyrde eitt av “folka” som var omtala i “Boka” – men når timen kom, som slett ikkje trengde bli så lenge til tenkte eg med meg sjølv, ville eg ikkje kome til å nyte andre privilegium enn den mest svartsjela Judaist. Eg skulle brenne.
Sudanesaren derimot skulle nyte flaumar av vin i paradis – og jomfruer. Eg måtte ikkje gløyme jomfruene.
…
Om det var mi eller hans gudstru som gjorde utslaget veit eg ikkje, men ved eitt under, som frå min sitjestad opplevdest fullt på høgde med Jesus sin spasertur på Genesaretsjøen, kunne eg eitt kvarter seinare stige ut av drosja på Abu Dhabi Internasjonale Lufthamn utan fysiske mein.

…gjorde sin entre i Abu Dhabi i 1982 og har følgt heile utviklinga til Abu Dhabi frå å vere ei meir eller mindre ubetydeleg husgruppe i sanden til å verte ein by med eit namn som får folk til å nikke gjenkjennande over store delar av verda. Oskar er også ein mann som får folk til å nikke gjenkjennande over store delar av verda. Det finst ikkje det u-land der han ikkje har hatt eitt lengre arbeidsopphald og mannen er ein av dei fremste ekspertane på livsnyting som nokonsinne har kome ut av kongeriket Noreg. Oskar pådreg seg vener overalt der han går og gjer naturleg krav på ein stor del av merksemda i eitt kvart rom der han gjer sin entre. Oskar har truga med å pensjonere seg i november 2008 men er venta attende til Abu Dhabi etter eit mindre deleskift i eitt kne som har gjeve etter for konsekvensane av den før nemnde livsnytinga.
…kom til Abu Dhabi for seks år sidan for å delta i eit prosjekt som skulle etablere ein integrert GIS-database for heile den offentlege sektoren i Abu Dhabi. Sidan den gong har han starta kvar dag med å seie høgt til seg sjølv tre gonger: “Jeg tror Norplan bør trekke seg ut fra Abu Dhabi”. Trass eitt tynnsmurd lag av svartsyn er Tor Gunnar hovudmotivatoren og sjefen for Norplan si verksemd i UAE. Tor Gunnar er til vanleg busett i bibelbeltet på Sørlandet – i Arendal – og er ikkje heilt upåvirka av dette. Han har eit større antal ungar med ei sjarmerande kone som med jamne mellomrom skiftar for- og etternamn.
…tok til i Norplan medan verda enno var ung. Han var då det han sjølv karakteriserar som ein landsbygut – det vil seie at han vaks opp i ei “grend” med omlag 400 000 innbyggjarar i nærleiken av Hydrabad i det sentrale Sør-India. Shankar har vore med på alle dei ulike inkarnasjonane av prosjekt og organisasjonsformer som Norplan har drive med i UAE og er for tida busett i Muscat, Oman saman med kona Prabha og dottera Dolly. Shankar er “problem-solver” i gjengen og vert kalla inn kvar gong vi møter veggen. Kort tid etter dukkar Shankar opp – klar til å skjelle ut dei som må skjellast ut og klappe dei som må strykast med håra. Om metodeverket har noko litt “latinsk” over seg er utkomet nesten alltid suksess.
er frå Ukraina. Dette visste eg ikkje før eg møtte han. Eg hadde berre sett namnet “Mike Che” i e-postar og på papir og var såleis budd på å møte ein kortvaksen, brei og brillebekledd kinesar som hadde “vestlegifisert” namnet sitt som eit forsøk på marknadstilpassing. Etter tre månader med hard trening lukkast eg til sist med å lære å uttale etternamnet hans, Cheremshynskyi, (whisky-tre). Mike brukte å vere noko slikt som sjef for det Ukrainske Kartverket med omlag 3500. Mike har freista å selje raud kommunisme til svarte brør i Vest-Afrika; Mike lærte seg spansk ved å pugge talane til Fidel Castro; Mike snakkar flytande gateportugisisk med angolsk aksent og er ein utmerkt reisekamerat under helgeutfluktar kringom i emirata. Dottera til Mike er talkshow-vert i Ukraina.
er ein amerikanar frå Tennessee som melde sin ankomst i Abu Dhabi utpå sommaren etter å ha blitt anbefalt av Ola Nordbeck. Chad Jerry likar ikkje å bli kalla Chad Jerry og har difor lagt til seg kort-nemninga CJ. Trass nasjonalitet og herkomst er Chad Jerry eitt reflektert og intelligent menneske som opprettheld livsfunksjonane gjennom ein diett beståande meir eller mindre eksklusivt av peanøttsmør og bringebærsylte: “peanut butter and jam”. CJ har kjærleikspendlar jorda over for å vere hjå si kjære Ann, som fram til nyleg budde i Roma men som no flyttar til Haiti for å drive bistandsarbeid. Amerikanaren søv nokre få timar kvar natt og er gjerne oppe og spring lenge før eg har letta hovudet frå puta.
er ein Palestinar som er fødd i Jerusalem og busett i Ramalla. Før han tok til som konsulent arbeidde han som kontorsjef høgt oppe i det palestinske departementsbyråkratiet. Khalil budde i same hus som den nyleg Palestinske diktaren Mahmoud Darwish. Khalil er ein stor tilhengjar av øl, peanøtter, sheesha og libanesisk mat og såleis ikkje berre ein utmerkt kollega på dagtid men også utsøkt selskap etter fritida sitt frambrot. Khalil lærte meg svært mykje om Palestina-konflikten som eg fram til då kunn hadde eit forhold til i form av dagsrevy-reportasjar med ungar som kasta stein på kamphelikopter som skaut rakettar attende.
er trønder, seglbåteigar og innehavar av ein tiltakande skjeggstubb som truleg gjev han eitt distingvert preg. Frank går i skreddarsydde klede og reiser ingen stad utan dei svindyre dartpilene sine. Frank arbeidde også på det tidlegare integrasjonsprosjektet i Abu Dhabi og på eitt større prosjekt i Muscat i Oman.
er ein Sunnfjording frå Svelgen som har utvandra til Trondheim der han ikkje får tilstrekkeleg høve til å praktisere dialekten sin. Når han kjem på vitjing snakkar vi nynorsk og gler oss over alle dei orda hine ikkje forstår. Dei er mange. Yngve og eg har ved fleire høve kryssa klinger innan lett-litterære verk og vi vert jamleg nytta til festunderhaldning og talar i Asplan Viak regi. Såleis brukar vi høvesvis mykje tid på å klekke ut diverse gangbare og ikkje-gangbare idear når vi residerar på same stad. Yngve har eit urimeleg nært forhold til tubaen sin som han saknar sårt når han er i eksil. Yngve, til liks med Oskar og Per er ein utmerkt kokk.
er ein kjernekar som eg og Tor Gunnar hadde gleda av å intervjue og tilsetje i Asplan Viak for nokre år sidan. Han har nyleg teke over stafettpinnen etter meg som leiar i Asplan Viak Internett og er ein karakter som gjer nesten ei kvar forsamling muntrare og meir godlynnt enn den elles hadde vore. Per er frå Lofoten og ber sterkt preg av dette.
er eit einsleg oksygen-atom i Asplan Viak systemet som hostar opp prosjekt i dei mest fjerntliggjande hjørne av kloden med jamne mellomrom. Når vi ser vepna konfliktar som eskalerer på dagsrevyen er Olav Hauge nesten alltid å sjå i bakgrunnen, snakkande på mobiltelefon til Noreg om eitt eller anna viktig bistands- eller planleggings prosjekt. Olav var internasjonal direktør i Asplan Viak under Garnåsjordet-administrasjonen men treng langt frå nokon tittel for å hevde sin posisjon i selskapet.
er kaffi og kontorgut på kommunehuset og er ansvarleg for den avdelinga vi arbeider for, Spatial Data Directorate. Shimnas kjem uoppfordra med te til oss og ser også til at det er reint både i leilegheita til Oskar oppe på øya og i Villa Norplan nede i “The Empty Corner”, som Mike kallar det. Det er vanskeleg å mislike Shimnas og mannen har eit eige talent for entreprenørskap som truleg vil bringe han lengre enn dei fleste med same startstrek. Shimnas har som langtidsmålsetjing å flytte attende til India og slå eg nede med kone og eitt ukjent antal ungar i landsbyen Pulakuttumkal nær Trivandrum i det sørlege India.
vart eg kjend med under Asplan Viak sin studietur til Torino i 2006 då vi hadde gleda av å dele alle drammane til ein fråhaldsmann vi hadde ved sidan av oss under festmiddagen. Tone er arkitekt og kjempa ein tapper kamp for å klekke ut eit skiltkonsept for det nye adressesystemet i Abu Dhabi.
tilhøyrer ei gruppe menneske som eg har botnlaus respekt for og ofte kjenner meg svært underlegen i selskap med: nemleg kortvaksne bestemte damer med kunstnarlege anlegg og briller. No brukar ikkje Thea briller heile tida – til gjengjeld skriv ho dikt på serviettar.
er ein roleg og avbalansert Oslobu frå Porsgrunn. Kyrre si sinnsro er både tiltalande og svæt smittsam men Tone virka til å vere resistent – spesielt når Kyrre tek seg tid til både sightseeing og ei ekstrarunde innom bensinstasjonen når dei skal nå flyet.
“grand old man” innan den norske GIS-verda med bokklassikaren “Geografiske Informasjonssystem” på samvitet. Tor – eller i alle fall skrifta hans – er oversett til eitt utal språk og har mellom anna vorte nytta under mitt eige GIS-kurs ved Høgskulen i Sogn og Fjordane frå 1999 – 2001. Tor er også ein av desse som driv og spring etter vegane og er etter det eg har høyrt ein entusiastisk rollerblade-brukar
sjølvaste storesjefen innan samfunnsdivisjonen i Asplan Viak og mangeårig styreleiar i Asplan Viak Internet as, har ved fleire høve lagt vegen innom UAE hovudstaden for å låne tyngde til viktige møte og for å rette opp kursen når eit grunnstøt har vore nær føreståande. Forutan formelle roller er Pål også ein mann det fint går an å røykje ei vasspipe med ein mørk og varm Abu Dhabi-kveld. Pål synte seg å vere betre på slalom enn det eg sette pris på under vår vitjing i Ski Dubai – dette resulterte i at han måtte vente tre minutt på meg for kvar nedkøyring. Det er mykje på ei nedkøyring som i utgangspunktet tok med 3 minutt og 25 sekund. Pål har også ein urovekkjande kunnskap om musikk. Det er uvanleg å finne så mange positive sider i eitt menneske frå Blommenholm/Tønnsberg. Forklaringa er mangeårig influens frå kona Kristin som er vestlending og såleis har hatt ein positiv innverknad Pål.
kom til Abu Dhabi tyngd av sosialt ansvar og fyllt av fordomar om undertrykte, tildekte kvinner og kynisk utnytting av billeg arbeidskraft. Det synte seg imidlertid raskt at Hanne gjennom sin mangslungne geografiske bakgrunn sjølv hadde hatt fleire hushjelper enn ho hadde fingrar og gartnarar ho ikkje eingong kunne hugse namnet på.
slutta i Asplan Viak for umiddelbart etterpå å ta eitt trevekers oppdrag for Norplan i slutten av Mai/byrjinga av Juni. Ola fall umiddelbart på plass i teamet sjølv om verken Hanne eller Tor Gunnar skjøna eitt ord av kva han sa. Ola er frå Skåne. Ved si eiga avreise skaffa Ola tilveges CJ som skulle avløyse han. Det var ein kontraktsføresetnad at CJ måtte reie grunnen for at Ola skulle kome attende etter nokre månader. Ola hadde ein teori om at det no var kona hans sin tur å følgje etter han – ettersom han fram til då hadde følgt etter henne og til og med gått så langt som til å busetje seg i Oslo – noko med den tyngste flyttinga ein svensk statsborgar kan utsetjast for. Vi må tru at dette var ei høgst teoretisk rettigheit – vi har i alle fall ikkje høyrt noko meir frå Ola sidan.
er ein gamal kollega frå Avinet som flytta til Trondheim for nokre år sidan. Mannen er i skrivande stund 33 år men har skifta eit vesentleg antal delar og er såleis biologisk ein langt yngre mann.