Bergheim.dk Rotating Header Image

Posts under ‘På Norsk’

Drosjetur til ettertanke

- “Good morning sir, where to?”, spurde ein framoverlut sudanesar, medan vi kjempa ein kamp om kven som skulle lempe kofferten min inn i bagasjerommet. Som Gloppar er eg ikkje så komfortabel med folk som ynskjer å hjelpe meg med å bere eller flytte ting.

- “To the airport, please”, mumla eg søvndrukken.

Det er lite truleg at eg var godt selskap denne morgonen – eg hadde slite meg opp i grisotta. Baksetet på drosja eg no klemde meg inn i, ein gamal Toyota Corolla som gjekk livskvelden raskt i møte, var eitt dårleg byte for seng og pute.

- “I drive fast, no?”, spurde sjåføren, tydeleg nøgd med sitt eige arbeid i det vi med eitt naudskrik unngjekk ein kryssande lastebil i eitt lyskryss.

- “Jau du køyrer som ein helvet”, svara eg halvt til meg sjølv, “ehrm… I mean, yes, you do”, la eg til etter at sjåføren hadde snudd seg ei halv omdreiing og sett dumt på meg i fem sekund medan han heldt ein jamn avstand på “eitt-tusen-og-daudsulukke” til bilen framom.

Nøgd med dette svaret trakka sjåføren gasspedalen enno nokre centimeter gjennom golvet og tok laus i retning flyplasen som om Styggen sjølv skulle ha vore etter han.

Abu Dhabi er ikkje eitt land der dei har overskot på vatn. Det finst imidlertid nokre få område der fordampinga er høg nok til at skodda legg seg tjukk om morgonen vinterstid. I tråd med god internasjonal praksis er det her dei har valt å leggje flyplassen sin. Følgjeleg kom vi etterkvart inn i eitt skoddefelt så tjukt at sjølv baklyktene på doningen fem meter framom oss mest ikkje var til å sjå.

- “It difficult see, no?”, spurde sudanesaren, medan han passa på ikkje å lette på gassfoten?

- “It difficult, it difficult indeed!”, svara eg fråverande medan eg freista å tenkje på alle dei gode tinga eg hadde fått med meg i livet. Det demra for meg at med setebeltet på kunne eg kanskje kome frå det med 80-90% funksjonshemningar framfor å misse livet.

- “What you doing, why?”, kom det såra frå førarsetet straks sjåføren vart var arbeidet med setebeltet bakom han. Det vart no viktigare for han enn nokon gong å demonstrere det fortreffelege ved kombinasjonen av høg fart, dårleg sikt og tett trafikk.

- “For God sake!!!”, ropte eg i det vi etter eitt akutt feltskifte, som kom nesten like uventa på meg som på bilen ved sidan av, køyrde forbi ein ny lastebil.

Ordet “God” hadde gjeve sjåføren ei kjærkomen anledning til å skifte temaet til gudstru. Oppøst og glad over denne nye utviklinga i samtalen, som til no i sin heilskap hadde vore einsidig og samansett av einstavingar, kom sudanesaren i vanvare for å slakke eitt par-tre grader på gassfoten.

Dei likar å snakke religion her nede, spesielt om dei kan få klemt inn nokre sjølvproklamerte fulltreffarar knytt til skilnaden mellom dei som har rett (muslimar) og dei som har feil (alle andre – men særskild ætta til Ismael og desse heidenske Hinduistane).

Eg byrja så smått å leike meg med tanken på at eg kunne kome ifrå dette utan sjukehusopphald om eg berre kunne klare å halde samtalen i gong.

Det var imidlertid ikkje mykje trøyst å få gjennom samtalen. I nøkterne 120 km i timen – men framleis med nullsikt – fekk eg passet mitt påskrive: vel og bra var det at eg tilhøyrde eitt av “folka” som var omtala i “Boka” – men når timen kom,  som slett ikkje trengde bli så lenge til tenkte eg med meg sjølv, ville eg ikkje kome til å nyte andre privilegium enn den mest svartsjela Judaist. Eg skulle brenne.

Sudanesaren derimot skulle nyte flaumar av vin i paradis – og jomfruer. Eg måtte ikkje gløyme jomfruene.

Om det var mi eller hans gudstru som gjorde utslaget veit eg ikkje, men ved eitt under, som frå min sitjestad opplevdest fullt på høgde med Jesus sin spasertur på Genesaretsjøen, kunne eg eitt kvarter seinare stige ut av drosja på Abu Dhabi Internasjonale Lufthamn utan fysiske mein.

Draumen om Bukta Trim & Sykkelklubb

Som “ung mann” på Kleiva var ikkje organisasjonslivet eit spesielt mangfaldig landskap å navigere i.

Den fyrste sosiale rita ein kunne verte initiert i som ung i Mardal Krins på byrjinga av ‘80-talet var barneforeininga. Dette var eitt langtrakt intermezzo frå barneforeiningsbasar til barneforeiningsbasar der dei unge under tilsyn frå fromme samaritanar kunne malpraktisere disiplinar som tresløyd, hekling, strikking, korgfletting og liknande adrenalinmoro.

Under den årlege basaren kunne eg tydeleg sjå at godt vaksne folk vart skuffa når dei vann ting eg hadde laga – og at sjølv foreldrene mine såg skamfullt i golvet når vi før utloddinga paraderte forbi min årsproduksjon på gevinstbordet.

Hovudpremien var det stort sett ein eller annan overytar inne på Mardal som hadde laga.

Det fanst for dei litt eldre 4H som var ein stad der landbruksungdom kunne kultivere sunne interesser utan at desse utvikla seg i feil retning (eller utvikla seg i noko retning) ettersom dei til ei kvar tid var under strengt oppsyn frå gamletestamentlege men ikkje-religiøse vaksne leiarar.

Det kom få uynskte graviditetar frå 4H miljøet i Bukta. Få ynskte også.

I likskap med frimurarlosjane var 4H ei foreining ein melde seg inn i – men ikkje melde seg ut av. Då eg i ein alder av 13 oppdaga at det var ein timeplanleggingskonflikt mellom framsyninga av Ghostbusters i Vonheim Kino og øving til haustfesten i Bukta 4H, leia eg an i ein Septemberrevolusjon som utløyste tre fråfall frå ordenen: Halvarden, Andersen og meg sjølv.

Kjellrun i Kvia og mor Asgjerd var nok glade til. Året før hadde dei for å berge æra til sønene måtta skrive 4H oppgåver om “Katten min” – medan Anders og eg nytta dei “klåre hovuda” våre til å leike i rommet ved sidan av.

Anne Huus var truleg også letta: Halvard hadde under mottoet “flinke hender” same året skamklippt kokeboka hennar på jakt etter gode illustrasjonar til si avhandling om “Mat med Mjølk” – han hadde jamvel sykla inn på Søreide for å gå på epleslang i samband med ei kake han skulle bake.

For spreke Buktarar fanst det også ulike idrettsalternativ som fremja fysisk helse som den eine vegen til framgong og lukke. Det ortodokse trussamfunnet Sandane Turn- og Idrettslag (STIL) la si klamme hand på mang eit ungt sinn i denne tida.

Av årsaker som til denne dag står for meg som uklare stillte eg ved fleire høve opp på ein aktivitet som vart kalla “guteturn”. Medan eg utvilsamt kunne legge beslag på tittelen “gut” var “turn” noko verken eg sjølv eller andre utan vidare assosierte med meg.

Turnkarieren min kulminerte under ei framsyning i Firdahallen der dei skamlause idrettsleiarane hadde fått oss til å itre kvite, ettersitjande klede medan vi marsjerte kringom i hallen og stupte kråke til skam for oss sjølve – og til stor underhaldning for alle som såg på.

Under eitt halvt gjennomført kråkestup fekk eg uventa kjenning med tyngdekrafta og slo – eller snarare rulla – over på sida. Dette var i det privateigde videokameraet sin barndom og det var få – men beklagelegvis somme – som kunne dokumentere denne hendinga for ettertida.

Medan foreldreskapet fram til då hadde oppmuntra til deltaking vart temaet aldri meir nemnt. Eg drog aldri meir på guteturn. Dei hadde ikkje noko å leggje til.

Så kom Bukta Trim & Sykkelklubb. Dette var ein klubb som braut med dei tradisjonelle grensene i det lokale organisasjonelivet. Sykkelklubben lånte ord som “trim” og “sykkel” frå lag som sysla med fysiske aktivitetar og ord som “klubb” frå 4H. Innhaldet, som på ingen måte var relatert til namnet, vart henta frå heilt andre kjelder.

Eg var aldri medlem av Sykkelklubben. Kvar gong eg var ute og sykla velta eg. Det gjorde somme i Sykkelklubben også; her kom skadane alltid på heimreisa etter uheldige tilsetjingsstoff i kaffien. Eg på mi side velta alltid i edru tilstand og like ofte på utreise som på heimreise.

Medan S.T.I.L. hadde signalblå treningsdrakter (i nesten min storleik) og 4H kunne skilte med senterpartifarga t-skjorter hadde Sykkelklubben ei marineblå skuggehue. På fronten var det eitt broderi som synte bumerket til klubben – det var i det heile ei overmåte tiltalande hue tykte eg.

Far Rasmus sat i “sykkelstyret” og var varelagerforvaltar for ikkje-utdelte skuggehuer som han hadde tjuverisikra på øvste hylla i skåpa på vaskerommet heime på Kleiva.

Lovnadene om at yngstesonen skulle verte den stolte eigar av ei Sykkelklubbhue sat imidlertid lausare enn evna og kanskje spesielt viljen til å innfri.

Tolmodet mitt, som frå før av ikkje var kjent for å vere særskild godt, vart snart tynnslite.

Ein kveld bestemte eg meg for at nok var nok. Eg tok lovnaden i eigne hender, utstyrte meg med ein klappstol og la i veg i retning vaskerommet. Her opna eg skåpdøra, sette opp klappstolen, steig opp og strakte meg etter plastposen som romma dei lova skuggehuene.

Stolen var ikkje høg nok og sjølv om eg stod på tå og strakte meg det beste eg vann – var det ikkje nok til å nå huene. I eitt siste desperat forsøk tok eitt godt tak i skåpdøra og lyfte meg dei siste naudsynte centimetrane opp mot øvste hylla.

IKEA er ei suksessrik verksemd som har selt mykje billege møblar av tilsynelatande høg kvalitet. Dette har imidlertid primært skjedd i åra etter den hendinga som vert skildra her.

I denne stunda fann det stad eitt uheldig møte mellom kvalitetsmåla til eks-Nazisten Ingvar Kamprad, vekta til eks-turnaren, eks-4H-aren, eks-barneforeiningsdeltakaren Runar – og den før nemnde tyngdekrafta.

I det høgrehanda mi nådde tak i plastposen løsna IKEA hengslane frå IKEA skåpdøra samstundes som IKEA klappstolen gjorde det IKEA klappstolar gjer best – klappa saman.

Livet mitt passerte ikkje akkurat revy på den beskjedne vegen mot vaskeromsgolvet – landinga markerte likevel eitt viktig vendepunkt i tilhøvet mitt til den venstre vesletåa mi som til då hadde vore min faste følgjesvein gjennom livet.

Lite brukt men alltid tilstades.

Som ein ivrig konsument av teikneseriar visste eg at det einaste som hjelper mot akutte fotsmerter er å halde den skadde foten mellom hendene medan ein hinkar kringom og utstøyter høge lydar. I sjokket hadde eg imidlertid ikkje heilt klart for meg kva for ein fot som gjorde vondt så for å kome igong treiv eg likesågodt den høgre og gav meg til å hinke og hoie.

Etter å ha drive med dette ei tid kom mor Asgjerd ut i gangen for å sjå kven som uinvitert dreiv og slakta grisar der. Her fann ho yngstesonen hinkande, beljande og med eitt kjølvatn av jamt fordelte blodflekkar etter seg der han hadde vore.

Mor Asgjerd, som gode mødre flest, vart fælen over å sjå avkomet i ein slik tilstand. Etter fyrst å ha overtydd meg om at hinkinga og skrålinga ikkje var instrumentelle i smertelindringsprosessen gjekk ho i gang med å stille diagnose.

Ein viktig del av dette arbeidet var å få av meg sokkane for å ta ulukkestaden nærare i augesyn. Det var under avdukinga av høgrefoten det vart klart for meg at det ikkje var denne men derimot grannen som var skadd. Eg kjende fornya trong for å gjenta hinke- og skrikeritualet. Det vart ikkje.

Eg vart buksert til lækjaren på Sandane som såg til skaden. Han plukka dei skamfarne beinsplintane ut or tåa og byrja å sy den saman att. Omlag halvferdig rette han seg opp såpass at eg såg kva han dreiv med.

Om det hadde vore gale å knuse tåa var det verre å verte sydd. Ikkje det at eg kjende noko – eg var godt bedøvd – men minna frå barneforeininga strøymde på. Eg visste kva det var å sy. Det var ikkje noko ein skulle gjere med ei vesletå.

Eg har vore i betre humør andre gonger i livet enn eg var denne kvelden når eg vart transportert heimatt på Kleiva etter at lækjaren hadde sagt seg nøgd med saumen sin og tåa mi.

Det var ei lita trøyst – men likevel ei trøyst – at eg denne kvelden kunne gå til kvile med ei flunkande ny Bukta Trim og Sykkelklubb-skuggehue liggjande på nattbordet attmed meg.

***

Ajman (UAE) 6. Februar 2010

Are Frode Søholt: Ho står i rommet mitt og brenn

Det er ikkje til å legge lok på at eg vert uroa når eg såg frende Are Frode Søholt gjere diktdebut på forlaget Tiden – samstundes vart eg vàr ei snikande og utilfreds kjensle av ikkje sjølv å ha utretta noko av tilnærmingsvis same proporsjon.

Forlaget si omtale av diktsamlinga:

ho står i rommet mitt og brenn er ei vakker, kjenslevar, musikalsk og tilgjengeleg diktsamling. I debutsamlinga ho står i rommet mitt og brenn skriv Are Frode Søholt fram ei historie om eit par som går gjennom ulike stadier av eit forhold. Frå ei forelsking, til eit samliv og til eit brot. Dikta fortel oss noko om problemet med å få kommunisert det ein føler eller tenkjer, både overfor ein kjærast, og for seg sjølv. Men samtidig uttrykker dikta noko om seg sjølv; ubehaget over ikkje å nå fram.Are Frode Søholt f. 1974 er songar og debutant.

Boka kan bestillast frå Tiden forlag.

Gratulerar Are Frode!

Dei Austerrikske Alpane (Austerrike) Juni 2009

Kven: Harald (Slettvoll), Øyvind (Heimset Larsen) og meg sjølv

Kva: Bil- og fjelltur i Alpane

Kvar: Munchen, Bad Reichenhall, Berchtesgaden, Gosau, Hallstattersee, Bischofshofen, Bad-Gastein, Heiligenblut, Grossglockner, Krimml, Zillertal, Neuschwanstein, Munchen

Når: Juni 2009

IMG_3547_5_6

Utsikt vestover frå Kehlstein Haus nær Berchtesgaden

(more…)

Øyvind av Arabia (UAE) Mars 2009

IMG_1690

Fare for kamel: Øyvind Larsen langs ein landeveg i utkanten av Rub Al Khali på grensa mellom dei Sameinte Arabiske Emirata og Sultanatet Oman.

No er det ikkje det at Hyarar ikkje har vore ute og reist før. Både Kristoffer Bonde (betre kjent som Columbus), Brødrene Aa og Øyvind Larsen har på utmerkt vis gjeve dette folkeferdet eit andlete ute i verda.

På vårparten gjorde sistnemnde, Øyvind, sin debut i dei Sameinte Arabiske Emirata. Etter eitt-og-eitt-kvart år her nede i sanden var Øyvind den fyrste Glopparen som tok turen. Det var difor ekstra viktig å gje han ei innføring i korleis dette landet fungerte og kva som var å sjå her.

(more…)